22.2.12

Avslag i slag

No har avslagene begynt å rulla inn her. Avslag på utstillingsplass, midler, deltagelse i prosjekter, opphold i diverse kunstnarresidensar. Sånn der type greier.



Avslag er sjølvsagt noko drit. Akkurat som avvisningar i det verkelege livet. Du får for eksempel sjeldan nokon grunn for kvifor din kunst og du ikkje kan få vegg eller peng. Grunnen kan jo tenkast (i bitre stunder) å vera at eg ikkje har nokre gode venar i Oslo som sit i utvalg, nokon grad frå eit universitet dei har høyrt om, eller hatt utstillingar på stader dei har drukke seg fulle på gratis vernissasje-vin. Eller (i sjølvkritiske stunder) at det er sjølve ideane eller verka som ikkje holdt mål, satt opp mot alle dei andre håpefulle som sendte inn. Dette er vel ganske standard tankegang hos eit følsomt kunstnarsinn, i alle fall mitt.

På ein måte kjennes avslag litt som trashing. Men på ein annan måte ikkje: avslag gjør meg meir gira. Åja, du trur at det fislete avslaget der stoppar MEG??? Gidder eg, så går det, før eller seinare. Gir eg opp, går det aldri.

For eg har innsett ein ting: eg er lei av at det skal vera opp til andre å bestemma om eg skal laga kunst eller ikkje. At eg, og kanskje ganske mange andre i liknande situasjon, lar det vera opp til komitear og utvalg utan ansikt som seier JA eller NEI til våre forslag, truslar, bøner og smiger. Og vi finn oss i det!?

For, altså:
Kor mykje tid har eg brukt på å skriva søknadar i mitt liv?
Kva tjente eg på det?
Kor mykje hadde eg tjent, dersom eg jobba på REMA tilsvarande antal timar?
(og får ein ikkje rabatt på epler dersom ein jobbar der?)

29.12.11

ABC 2011

A: Arbeidslaus. Fra 1. juli og uti september visste eg ikkje ka eg skulle gjera. Ein herlig periode.

B: Du, bibliotekdama. Det er meg. Hihi.

C: Canaria, Gran. Det var gildt!

D: Vi drog til Domen på fotojakt til heksehola, sjølvaste nedgangen til helvete.

E: Blå epler har vore endå viktigare i år enn i fjor. Spesielt no på slutten. Og vil du ha epleportrett? Eplet passar fint på alle hovud.

F: Eg bestemte meg for å slutta med fotografering i januar. I mai begynte eg igjen. Og no skal eg jaggu bli fulltidsfotograf!

G: Ei gravemaskin grov opp fortauet og riksvegen utafor huset vårt. Her fann vi årsaken til at vi ikkje fekk skylt sjampoen ut av håret...

H: Halvmaraton!

I: Eg arrangerte intuitivt malekurs i Odda for et meget eksklusivt klientell.

J: Slitt ut et par joggesko på under et år.

K: I år har eg hatt tre kurs, altså fotokurs. Eit på galleriet og to for meg sjølv. Til neste år blir det minst tre til, det første allereie i februar! Alle dei kursa eg sjøl skulle på blei det ingenting av, avlyst og fortia vart dei.

L: Hekta på lydbøker, og er snart gjennom Knausgårds samlede etter å starta i september.

M: Magnus heiter den heilt nyankomne tantungen. Han e fin!


N: Vi hogg ikkje nok ved i fjor men trur vi har gjort det i år.

O: Fira turar til Odda. Usannsynlig drittvær to av gongane. Fint ellers!

P: Pelsjegerliv i Murmansk!

Q: Som så mange andre kvinner er eg ganske quad dominant, som betyr at musklane på forsida av lårene er sterkare enn baksida. Det ekje særlig bra for knærne (ifølge det meste eg har lest), og spesielt ikkje hvis du skal springa lange løp. Då er markløft vennen min, som biffar opp heile baksida av kroppen!

R: Og hvis rumpa di er stor kan du bruke´n som spisebord....

S: I sommar deltok eg på Solo Photo Book Month, SoFoBoMo, og laga ei heil fotobok på ein månad. Sidan då har heile prosjektet vorte lagt ned så heile den opprinnelige nettsida er bortevekk. No kan du sjå den flotte boka HER.

T:
- Eg vil væra sammen med deg for alltid.
- Kan vi ikkje bare gifta oss då?
- I prinsippet. Ja.

Eg og gubben er faktisk trulova.

U: Bildene mine har vært på fleire utstillingar og har faktisk solgt ein heil liten del.

V: Har for første gang skaffa meg visittkort. Så langt likar eg best ideen av å ha visittkort, eg veit ikkje heilt ka eg egentlig synst om sjølve kortet.

W: Walk the walk- Indoors :P

X: hmmm.....X-men er framleis ein kjekk film?

Y: Får stadig inn diverse Yle-kanalar (Yle yksi og Yle Saamifor det meste) i bilen, i staden for NRK.

Z: Eg likar fortsatt ikkje klær frå merket Zara.

Æ: Æsj. Fant ikkje på noe.

Ø: Det er framleis godt med øl. Men det går motset veg enn vanlig. Når eg var 19 likte eg mørkt øl, men no synes eg at jo lysare jo bedre. Til slutt blir det vel bare saft eg vil ha.

Å: Åra går og det kan eg sjå. I år feira eg min aller siste bursdag i 20-åra. Eg gler meg til å bli 30, men synes eg har nok rynker no.


11.12.11

Eg er feit. Du er dum. Eg kan slanka meg.

- Et du det der?
- Ja. Hihi.
- Eg et ikkje det der.
- Nei, nei...
- Det setter seg ein viss plass.
- Ja, eg veit...jaja....haha (hæææ??)
- Ja visst. Det setter seg ein viss plass. Og det er ikkje på magen.
- (anstrengt smil og går fort vekk)

Jo takk skal du ha, du person som har meiningar om min kroppskomposisjon. Eg burde kanskje ha fortalt deg at du fornærmer og sårer meg. At du traff spikeren på håvet og komplekset midt i blinken, meget treffsikker var du. Kanskje eg skulle informert om at du ødela resten av dagen min. At det du gjør er å planta dårlig samvittighet i andre mennesker, ikkje motivasjon. Og at du er fanden så frekk.

I stedet så kjemper eg hardt mot å la dine uforskamma kommentarar gå inn på meg. Heller vera glad for at eg aldri ville sagt noko sånt til eit anna menneske. Å vera slem mot andre gir meg liten glede. Trist at nokon har det annleis.

7.11.11

Eg har tre jobbar og ti bukser

I fjor måtte eg ha nødpass.
Og i år måtte eg ha nødpass.
I fjor fekk eg kjeft frå Skatteetaten for manglande sjølmelding.
I år like så.
Eg har tre jobbar og ti par bukser som er for små.
Mobiltelefonen ligg i kjøleskapet no.
Eg kastar flybilletten til papirgjenvinning og vil komma inn på teater med bussbilletten min.
Men eg er flink å lesa kart.
Hvis det ikkje er noko anna eg har tatt med meg, som kjennest akkurat ut som om det var eit kart.

25.9.11

Stuck i Vadsø?

Sitter du fast ein stad?

Ofte høyrer eg om menneske som er i Vadsø, men helst vil vera ein annan stad. Detta er eit fenomen eg tenker over, for eg har ikkje kjent på det sidan eg sjølv var stuck- 14 år gammal i Odda. Mellom då og no har eg budd ganske mange stader. Eg møtte aldri nokon som kjente seg stuck i London eller stuck i Bergen, men i Wolverhampton var det nok ein del som kjente seg stuck. Likavel: ingen stader i verda er ein så stuck som her i Vadsø!

Vadsø er ein liten by, ein fylkeshovedstad med mange byråkratjobbar tilknytta offentleg forvaltning. Det betyr stor gjennomtrekk av folk, gjerne unge folk, som kanskje har sin fyrste jobb etter endt utdanning, og som etter nokre år her får tilbod om jobbar andre stader, som dei heller vil ha. Og flytter igjen.

Baktung spirrevipp forsøker å fly away.

Detta synes mange er negativt for byen, og det kan eg til ein viss grad vera einig i, men det eg synes er virkelig negativt er kor ofte eg høyrer om kor innmari kjipt det er for dei å bu i Vadsø, og kor utrulig trasig dei har det når dei er her. Når ein helst ville budd ein heilt annan stad, men må vera i Vadsø av ein eller annan grunn. Uff og uff! Eg får i visse tilfeller inntrykk av at nokon nærmast er tvangssendt hit på arbeidsleir. Så sterk denne motviljen mot å vera her.

1998:

Då eg flytta heimafrå var eg 15 år. Eg flytta til Voss på hybel for å gå på vidaregåande, på ei linja som ikkje fantes heima. I grusomme Odda var eg så inderlig stuck. Då eg flytta frå heimen var stoda omlag slik: eg hata foreldra mine, eg hata Odda, eg hata å vera under 18, eg hata skulen, eg hata meg sjøl, eg hata nokre teite guttar og dårlige venninner, eg hata egentlig alt sånn som femtenårige usikre jenter gjerne gjør. Voss var liksom redninga. Odda var det reine helvete på jord! Eg kom til Voss og var full av hat mot det eg hadde bak meg. Fordi eg framleis kjente meg fanga, låst, innesperra, stuck!

Då var det nokon sa til meg:

"Ingerid, vait du ka? Du aldri meir bu i Odda".

Barbro sa det. Ho er og frå Odda, budde på nabohybelen, ein del år eldre enn meg (var voksen, over 20!) og er den klokaste personen eg har møtt til no.

Og akkurat det der forandra alt. Eg som var så opphengt i alt eg ville vekk fra, innsåg at eg faktisk var fri. Eg trong faktisk aldri meir å bu i Odda. Og fri er eg framleis, endå meir til og med, myndig og greier, fri til å gjøra det eg vil, og bu akkurat kor det måtte passa meg. Sjølvsagt blir valgene og ønskene påvirka av kor han eg er saman med vil bu, kva slags jobb eg måtte ha, eller kronasjer, men det er faktisk eg som bestemmer kor eg skal vera. Og eg hadde altså aldri never ever orka å bu ein plass eg ikkje likte meg.

Dette skriver eg fordi eg i det siste har kjent litt på ønsket om å flytta frå Vadsø. Mange trasige småting gjør at eg begynte å tvila på om detta er noko stad for meg. Eg sa til og med til sambuaren min at eg ville dra. Altså, ikkje dra fra han, men dra fra detta stedet.

Etter å ha tenkt og tenkt og mest av alt kjent, har eg funne ut at eg vil vera her. Fordi eg er glad i denna plassen. Og om eg hadde eg tenkt og kjent, men komt fram til at eg ikkje villa vera her, då hadde eg reist. Eg aldri meir bu i Odda. Eg heller ikkje å bu i Vadsø. Eg berre vil.

Å vera stuck, det er eg for gammal til, altså.

19.9.11

40-årskrisa er i gang



Gratulerer med dagen, gullgubben!

7.9.11

Indoor Ingerid

Kvar torsdag kveld tar eg på meg svarte, trange tights. Eg går eg ned i eit lokale med dempa belysning, skrur på høg musikk, og pustar og pesar inn i ein mikrofon. Mot betaling.

Eg snakkar om INDOOR WALKING, som eg har blitt instruktør for, på Vadsø treningssenter. For ordens skyld: eg har litt meir klær på meg enn ho damo i videoen, og gauler ikkje så mykje, men du skjønner ka det går ut på. Ein form for gruppetrening til musikk der alle brukar kvar si ellipsemaskin, og prøver etter beste evne å gjera det instruktøren seier.

Om du tenker at "indoor walking" høres teit ut så er eg ikkje heilt ueinig i det. Det høres litt teit ut. Å gå innendørs er ikkje eit veldig godt (eller spennande) uttrykk, men sjølve treningsforma er langt betre enn sitt navn. I motsetning til for eksempel spinning, brukar du heile kroppen, og for slike som meg, som får vondt i ryggen av å sitta krøkt over ein spinningsykkel, er det ein treningsform som ikkje belastar utsatte kroppselar. Men er indoor walking noko betre enn outdoor walking då? Spørst litt ka du er ute etter. Fuglekvitter og sol får du ikkje, men du får trim i eit forutsigbart klima. Det er eit poeng her i Finnmarka når det begynner å bli haust. Er du ute etter å trena, men ikkje så gira på stiv kuling, snøfokk og stupmørke ute på vidda, ja då synes eg detta er gode greier. Er du derimot gira på nordlys og sånt veit du kor du ikkje skal (men vi har diskolys i salen altså). Dessuten gjør du jo litt meir enn å berre gå, då.

Når det gjeld musikken så brukte eg himla lang tid på å finna noko med rett takt, og sleit hardt for å unngå Black Eyed Peas (sigra til slutt!). Min visjon var jo å berre spela Maiden heile timen, men måtte gje tapt for formatet som krever noko med litt rolegare og meir stabil takt. Kylie-pop vant. Spelelista finst på Spotify, eg får ikkje til å henta noko lenke dit, men er du venn med meg på facebook, kan du finna den på profilen min.

Så langt har eg berre hatt ein ordentlig time. Eg meiner sjøl det gikk fint, då ingen ramla av walkern, spydde eller skjelte meg ut. Derfor skal eg fortsetta med timar kvar torsdag og kvar tredje søndag denn hausten.

Indoor Ingerid høres dessuten ut som ein skikkelig rar superhelt, og kem vil ikkje vera det?

4.9.11

Vadsø, vestland, vennar

Eksempel på venneaktivitet-Ingrid på bærtur.


Det eg saknar aller mest i Vadsø er vennar.

Nokre vennar har eg her. Eit par er riktig gode. Nokre har eg mista kontakten med, nokre har flytta, nokre er periodevennar som sig inn i livet mitt og så forsvinn litt igjen. Mykje fine folk.

Men eg saknar vennar.

Sjølvsagt dei vennane eg har, som ikkje er her, men på vestlandet (for det meste). Men eg saknar det å ha vennar her. Vennar eg kan ringa til uten å ha noe spesielt å fortella. Som eg kan snakka med. Bare væra med. Det er det som er vennar.

Eg saknar å henga.

Eg vert invitert i bursdagar, ikkje på kafe. På fest, ikkje sofasliting. Og eg elsker fest og bursdag! Men. Av og til treng eg berre å ha nokon å væra med, ikkje nødvendigvis å gjera noko. Av og til kjennes det som ein treng ein jævla grunn for å vera i lag med andre. Det er noe dritt.

Kvifor er det slik? Eg nektar å godta at eg er kjedelig eller upopulær, for slik er det ikkje.

Men eg gidder ikkje å anstrenga meg så mykje meir for å bli kjent med gud og kvermann lenger. No skal eg bruka tida mi på dei vennane eg faktisk har, for dei er fanden meg bra. Reisebudsjettet må aukast dramatisk.

21.8.11

Om å vera fri


Beste maten lagar du på stormkjøkken.

Sidan 1. juli har eg vore arbeidslaus. I mange uker har eg ikkje visst kva eg skal gjera med livet mitt jobbmessig, samtidig som pengane har rent ut av kontoen. No er eg på den siste tusenlappen, og har vore det ei stund. Penga varer lengst i nord!

Eg har likavel ikkje vore spesielt bekymra. Fordi eg har visst at det kjem til å ordna seg. Men ikkje korleis det kom til å ordna seg. Derfor har eg vore spent og glad heilt sidan eg kom heim att til Vadsø.

Dei siste vekene har eg tatt veldig mange bilder, vore på telttur, passa hund, dratt på harrytur til Nuorgam, plukka molter og blåbær, laga syltetøy, vaska hus, vaska noen andre sitt hus, vore på festival, løfta tunge ting og blitt brun. Det har vore heilt fantastisk. At været har gitt jernet denne sista veko er heller ikkje feil. Å vera fri har vore godt og rett.

Godt fordi eg har vore arbeidslaus utan å kjenna meg unyttig, ubrukelig eller ute av stand til å bidra. Fordi eg ikkje har kjeda meg, men kosa meg meir enn eg kan huska å ha gjort nokon gong (med mogleg unntak av tida på barndommens rideleirar). Rett fordi eg våkner om morgonen og er sikker på at eg gjer det eg vil. Som av og til inneber å la vær å gjera det ein ikkje vil.

No har eg tatt fleire val. I morgon begynner eg i ein av mine nye jobbar, på fylkesbiblioteket sitt fotoarkiv. Det gler eg meg til. Og snart er eg instruktør på treningssenteret. Eg likar å vera fri, men eg er nok ikkje skapt til å gå og slenga. For det er jo det som hadde skjedd, før eller seinare, skal det fortsetta på den her måten...


Meg og kvalpen Stella, eller Glæfsa, som eg har fått gå tur med nokre dagar. Ho er ein Staffordshire bull terrier som liker å tygga på det meste.

14.8.11

Cash is king

Valuta fra Finnmarka.

Byttesamfunnet lever: i går kom ein kar på døra med ein laks. Han fekk eit kilo molter, eg fekk laksen. Eg har og fått ein stol. Lars seier "Vi har molter. Det finst ikkje den ting vi ikkje kan få tak i no."

Eg er rik!