28.4.08

Sel og snart helg

Når det bare er mandag og eg er veldig klar for vekeslutt, er det gjerne eit teikn på at eg har vel mye pes. Heldigvis fekk eg i oppdrag å foreviga ein sel i dag, som satte eit fint perspektiv på tingene.Selen låg og velta seg på ei flytebrygga i Indrebyen, var fin og tjokk og ifølge deskmedarbeidar Geir hadde han akkurat samme skinnjakka som Bastesen.

Finnmarken meldar om at selen framleis kosar seg på flytebryggo (for han var sjølvsagt med i gårsdagens blad og).

Snart heimøve. Snart utepils. Snart mange raude datoar i kalenderen. Det er VÅR (i alle fall i fruktkompotten heima)!

13.4.08

Ingerid har vennar

...ganske mangen eigentlig. Og ein av dei ypparste kom på besøk forrige veka. Så i tre dagar har eg ledd og spist snop og drukke øl, gin & tonic og gått på på ski og brukt veldig mange flotte engelske ord (endelig noen som ler når eg seier bostin') sammen med Rikke. Eg er relativt stappa og fornøyd. Finskeflesketur blei det og- den tredje på lika mangen veker.

Ølkos (i plassen for bålkos) på Røde Kors-hytto.


Rein som sto og slang langs Havnegata.


Pils i solnedgang.

12.4.08

Glimt frå Sapmi

Tur til Inari/Enare i Nord-Finland med samiskkurset. Skjønte ikkje eit kvekk, men det gjør ikkje noe. Ein del av bildene er tatt med kamerafonen, og dei bleikje så aller værst synst eg.

Hotellbaren i Inari.


Ego er bimbo foran eit langt stadnamn mellom Utsjok og Inari. Betyr etelleranna-vatnet.


Eg er vinden, på suvenirsjapp i Utsjok.

Biblioteket i Ivalo.


Finske skogarna med badstu.


Flink elev utanfor det finske sametinget.


...og alle var einige om at det hadde vært ein fin tur.