16.9.09

uber alles

Sjå der! Då vert det kunstnarbustad i Berlin på meg til vaoren ein gong.

(om du klikkar linken: det er ikkje bustaden for bergensarane eg skal vera i, men ein nesten identisk i same hus, øyremerka for hardingar)

8.9.09

Galleri galge

KoblingFoto: Line Holand

I dag har dagleg leiar på Galleri Galge endelig fått den proffe e-posten til å verka. Og jaggu klarte ho ikkje å få laga eit deilig rosa skilt og! Forunderleg nok var detta dagen då ho sjøl hadde rosa klær på seg. At rosa og rødt ikkje passar noko særlig sammen var det ingen som nokonsinne tenkte på når dei såg det flotte skiltet, hverken før eller siden.

Galleri Galge: fordi galleriet ligg på/rett ved siden av Galgebakken i Vadsø. Ifølge Statsbygg er kirka og Statens hus plassert på kvar sin ende av Galgebakken, for å symbolisera den profane og den sakrale makta. Vi ligg lika bak den profane.

Sånn ellers heiter vi I galleri og har fått oss heimesida.

1.9.09

No bryt eg eit løfte om gnæging

Eg lovte meg sjøl at eg aldri skulle gnæga på alt det der som er så fryyyktelig her oppi gokk (heimen min), sånn som været, frukt og grønt-disken, mangelen på hipt og urbant, og flyprisane.

No klagar eg på flyprisane. Eg SYT om flyprisane. Følg med.

For fira dagar siden (fredag trur eg) søkte eg på flybillettar heim i oktober. Å hallelujah dei var billige. 2400 tur-retur, bestill i vei, men nei, ikkje noke kort å bestilla med (forvant på mystisk vis veko før). På mandag var kortet komt og eg skal bestilla den fine billige flyturen min, bare for å oppdaga at den har auka med omtrent 100% sidan fredag. No koster den 4400. Etter mye grynt og hves prøver eg å bestilla eit par gangar, men kver gang får eg opp melding om at maskina ikkje klarer å rekna saman prisane for turen og returen. Til slutt skjer det noe krøll og eg bestiller feil tidspunkt. Så er det å ringa til Widerøe og sutra, ingen sympati å få der men ein beskjed om at joda ho kan sjølvsagt endre til det tidspunktet eg skulle ha, men det blir dyrare.
Dyrare enn 4400?
Ja, no har den auka til 4900. På sju minutt.

Spørsmål: Koffor er det sånn at bussbilletten kostar det samme uansett, mens flybillettar blir heva og senka litt sånn etter torturtradisjonen med kokande olja?

SISTE: Eg var utro med Norwegian, og fekk reisa på til saman 2646 kronor. Nøgd no.