21.1.09

Fairy story



15.1.09

Bytta litt

Eg har bytta jobb, men bare litt. I stedet for å væra vanlig journalist er eg nettvert på Mitt Finnmark og nettsjæf på Finnmarken. Der skal eg vera litt meir operatør og litt mindre journalist framøve. Hittil har eg mest tøysa, men vi skal og begynna å tulla.


DRITKALDT, Tana bru

Bortsett fra det har bilen stoppa, men starta igjen etter et etterlengta påfyll batterisyra.

Leppene mine er veldig tørre og sprukne etter ein tur til innlandsklima (30 minus i Nuorgam)

Ein sokk strikka, two to go. Einbeint klumpfot? Då har eg eit plagg til deg.

9.1.09

Ventar på sola


...snart kjem den opp bakom der!

7.1.09

Proffisar

- Det er krig i Gaza, liksom. Personlig synes jeg det er litt ufint i forhold til at dette er 13-14-åringer som blir brettet ut på denne måten. Men det får vi bare akseptere, sier Vanebo.


Stein Vanebo i plateselskapet MBN synst aviso Dagbladet er skikkelig slem som utsetter BlackSheeps for medieomtale som ikkje er av typen Å SÅ SØTE OG FLINKE OG KULE DE ER OG FRA LANGT OPPI DER TIL OG MED, men som skriv at ungdommen synst det er dumt at dei ikkje får spilla inn sangen sin sjøl på plato dei skal gje ut. Men Vanebo er heldigvis proff, og aksepterar. Akkurat samme proffnivå forventar han at ungdomsskuleelevane skal ha. Dei må jo forstå og akseptera koffor dei ikkje duger til å spilla inn sitt eige materiale. Men så er dei plutselig barn igjen, hjelpeslause offer for grusomme kyniske media.

Rar mann.

6.1.09

SNØ



2.1.09

Heimajula

Etter ei lita juleveka i jomfruburet heima på Vasstun i Odda, med babylatter/vræl, foreldremas, besteforeldremas og toys that make the noise var det litt tomt her oppe i Bietilæveien. Her er bilder fra moroa.


Tre generasjonar på veg for å henta juletreet (norsk gran type grønn uten edle egenskaper). Signe, Ida og pappa. Signe er storesøstra mi, og Ida er tantungen min. Ho er 11 månadar og meir enn ditto kilo. Ordentlig jordalsjenta med andre ord.



To versjonar av Ida poserar . Ungen har lært seg at når blitzen blinkar skal sjarmen på for fullt. Egentlig litt skremmande.

Det er jo mulig at det går an å ikkje la seg sjarmera av sånt, men eg har til gode å møta noen...

Pappa med Ida i meis, med Rosnos i bakgrunnen som seg hør og bør.