24.4.09

Pip

Eg ante ikkje at det var så mangen fuglar i det her reservatet. Fint å sjå at det er noen som trivst som bare det.



Her er litt forfall, for å veia opp.

13.4.09

nytt liv av daude gror



No er det vår i Vadsø dåkke. Splæsj.

6.4.09

i står for imbesill

Hurra, ein utfordring! Altså, ein utfordring som ikkje er eit tildekt problem. Den fikk eg av Anniken.

Reglar: Det er vanskeligare enn det ser ut! Kopier teksten, slett mine svar og legg til dine eigne. Bruk den første bokstaven i navnet ditt når du svarer. Gi ordentlige svar, og ikkje finn på!
Hvis personen før deg har samme bokstav, så må du gi eit anna svar. Du kan ikkje bruka samma ordet to ganger. Når du er ferdig skal du utfordra fira vennar.


1. Hva er navnet ditt: Ingerid
2. Ord på fire bokstaver: Iste
3. Guttenavn: Ivan
4. Jentenavn: Irmelin
5. Et yrke: Isbilsjåfør
6. Farge: Indigo
7. Noe du har på deg: illeluktande gensar?
8. Mat: Indrefilet
9. Noe på badet: innedo
10. Et sted: Ipswich
11. Grunn til å komme for seint: illojale armbåndsur
12 Noe du roper: Inni helvete/gamperæva (mulig eg roper det inni meg, men desto høgare)
13 Filmtittel: It's a wonderful life
14. Noe du kan drikke: Ildvann
15. En musikkgruppe: Indigo girls
16. Et dyr: Iguana
17. Gatenavn: Ibsens gate.
18. Bilmerke: Iveco (her juksa eg)
19. Sangtittel: In the navy
20. Verb: Impregnera


No har det seg slik at eg ikkje har fira bloggarvennar. Så utfordringa går til dei av dåkke som har lyst. :D

4.4.09

Where the wild things are

Noe av det beste med å komma heim til jomfruburet i Odda er å se i bokhyllo, om dei står der enno. På rommet mitt har eg nemlig samla noen gamle barnebøker som eg ikkje har lyst skal forsvinna. Det har blitt rituale å kikka gjennom noen av bøkene når eg er heima.




Best av alle barndomsheltane var nok sjøormen Ruffen av Tor Åge Bringsværd. I bøkene om Ruffen fantes dei mest utrulige teikningar, og Thore Hansen sine illustrasjonar har siden alltid gjort meg glad, uansett om han tegna Ruffen, eller nakne damer i Pyton og ViMenn (eller kor det no var).

Maritimt slo visst an heima hos oss, som storebroren min likte eg Det hende i Taremareby veldig godt. Boka er ikkje å finna med eit overfladisk søk på nettet, kanskje fordi den kom ut i 1960 og er på nynorsk, men forfattaren heiter i alle fall Ingebrigt Davik og det ser ut til at Taremareby enno er populært å setta opp som skodespel for barn.

Bella og Gustav var ganske annerledes bøker, sosialrealisme og intriger i eit 8-årig univers. Bella og Gustav er bestevennar som herjer og leiker og tuller, og krangler, og liknar veldig mye på meg og bestevennen min når vi var små.

Maurice Sendaks mesterverk Where the wild things are er ofte brukt som ei slags kvitebok for barnebokillustratørar. Eg skjønner koffor. Den er flott. På norsk heiter den "Til huttetuenes land". Den låg på stølen vår, så vidt eg huskar.

Roald Dahl kjem ein jo ikkje utanom, sjøl om eg var blitt litt større då, og han kanskje ikkje er tulla så hardt inn i barndommens nostalgiteppe . Teikningane til Quentin Blake syntes eg lenge var både stygge og litt ekle, men etter kvert som eg blei eldre forsto eg jo bare at dei var innmari gode, fordi dei gjorde så sterkt inntrykk (synst forresten at Ralph Steadman har liknande tegnestil).

Michael Endes Den uendelige historien leste mamma til meg ganske mange gangar før eg turte å prøva sjøl (den var tjukk!). Ende har skrive fleire fine bøker, eg har hørt dei fleste. Takler ikkje filmversjonane, mulig av åndssnobbete hemningar (men hallo- ein flott lykkedrage blir til ei skabbete bikkja???).
Litt artig at Store Norske Leksikon tykkjer det er nødvendig å oversetta Lokomotivführer til norsk, men ikkje satanarchäolügenialkohöllische.


Komme ikkje på fleire no, men det var veldig mange fine bøker som eg las eller blei lest for fra. Så takk til opphavet for tusenvis av timar med nattalesing, eg trur det gjorde ein slags nytte.

Hvis eg får ungar skal eg prøva å vera lika flink. :)