29.9.06

sko!

No har eg vore flink og kjøpt meg sko. Det var HERLIG å gje frå seg dei gamle drittskoa og ta på seg nye som hadde solar som satt fast og ikkje veide fem tonn.

GALORE

det var desse som erstatta dei kasta


Og desse var bare skitgoe å gå i.


Impulskjøp. Augensynleg fine og elegante, men egentlig billig moro, til bruk på ditto festar.


I dag dreg eg til Ustaoset, til ein av universitetet sine hytter. Du kan sende mail til ei dama og be om å få ve me i loddtrekning om å få leiga UiB sine hytter der (forutsett at du har nokon tilknytning til UiB, eller har hatt det einlanna gang). Det er veldig billeg, og innan søndag veit eg om det er kjekt og.

dasvidanja!

24.9.06

Verdskjent i Odda

Her har vi den småambisiøse forsida på haustens odda-bok.

Huset vårt er med! Eg har teke meg friheita å setje ein smidig sirkel rundt dette.

Forøvrig synst eg biletet var fint, men at det er nok romatisering rundt Odda no. Det byrjar å bli litt harry.... Ein må kunna skriva om andre ting enn Odda sjøl om ein er der ifrå.

Når eg blir 30 skal eg gje ut romanen "Hud brest", som handlar om den frustrerte badevakten på Udda Folkebad, som opplev intense stemmer i hovudet som manar han til å ta magaplask frå 3-meteren under småbarnssymjinga torsdag ettermiddag. På denne måten kjem han tilfeldigvis til å redde ei åleinemor og ungen hennar frå den sikre død (korleis skal eg finne ut seinare). Dette fører sjølvsagt til litt love, lesaren vert vitne til ei klissereise, der den jordnœre 40-åringen går frå å vere ein staut ungkar til å verte ein håplaus tøffelhelt som må køyra kåno si te Amandasenteret i Haugesund så ho kan gå på Vero Moda. Han vil til slutt kjenna seg framandgjort og hybridisert, og må han sendast på attføring til Rauland. Der skriv han sine memoarer som etter hans tragiske død haustar god kritikk og ei enorm mediemerksemd.

Slutt

22.9.06

Fleire timar fri

I dag har eg ganske fri. Heilt nydelig. Bortsett fra korrekturlesing for AKA og litt telefonering har eg berre ei oversetting til russisk som nesten er ferdig uansett. Alle oversettingane våre er egentlig ganske hemma. Tekstane vi får er rare og handler for det meste om folk som har det fœlt, og røyking og drikking er høgt representert. I teksten babusjka (bestemor), som handlar om bestemor som er sjuk, prøvar barnebarna hennas å passa på ho. Dei seier at ho skal leggje seg ned, gir ho sigarettar og kommanderar ho til å røyke. Nais.

Vil ha ny linse, vil ha min eigen blitz, vil ha sofbox, vil ha stor raud veska i PVC med leopardmønster.

Dette er Jorunn. Eg like kitsch-elementet.

16.9.06

Sterk Naken og Biltyvene

Det må alle høyra på. I vår lagde eg eit bildespel inspirert av songen Jeg var Forelsket i en Varulv fra Dyvekes Bro, og som besto av masse bilete frå Dyvekes bro i Oslo, saman med vakker spesialkomponert musikk med tverrfløyte og tyggeleiker. Spelet var mitt bidrag til ei utstilling som skulle representera dei europeiske hovudstadene, Unknown Capitals, og vart vist i Paris og Budapest.


Eg har veldig lyst å fortelje dei dette.
Det som er trist er at det er vanskeleg å oppdrive mykje info om dette bandet, og ting som kontakadresser og liknande er ikkje å oppdriva. Wikipedia fortel meg at

Sterk Naken og Biltyvene, også kalt SNoB var en norsk popgruppe som ble startet i 1984 av Jan Lier og Leif Helgeland.

De er mest kjent for sin sang «Sommerlykke» (Sonet 1989), som etter kort tid ble forbudt spilt på NRK.

Diskografi:

Ingen Gud, Ingen Herre, Alt For Kjærligheten (Sonet, 1990)

SNob II: Elskede! (Sonet, 1992)

Tretten døde roser (Sonet, 1994)

Brenn Lille Venn (SNob, 2000)


Kanskje det beste er å finne Oslokatalogen og slå opp på ein av gutta. Eg har dessverre vent meg te mail, den sosiale angstens frelsar, den direkte kontakten som aldri verkar for direkte eller påtrengjande. I 2006 er det skumlare enn nokon gong å ringje til folk. Uansett synst eg ikkje det er viktig nok til å drive og ringje til framande folk som ein gong lagde udødelige rim som 'Han hakker opp mine tuberkuløse lunger- og gir den svarte katten som er gravid, med unger, med unger'. (Den Ensomme Obdusenten)

Nuvel.

Det viktigaste no er at eg har kjøpt meg tørkestativ. Gratulerar, praktisk appliserar til deg!

14.9.06

JA! EG SKA PÅ WASP IGJEN!!!

10.9.06

Folgefonn Likningskontor

Eg er beœra øve trua dei har på meg der i Rosendal. I 2004, seier dei, tente eg 180000 kroner. Difor lønar dei meg og mi 'ny'oppstarta bedrift (den ekje ny berre oppteke med å jobbe gratis istedetfor) med ein deilig forskotsskatt på 60000 kroner. For dei uinnvidde: eg har aldri tjent eit raudt øre over noko skattepliktsgrense, og det einaste innskotet på kontoen min har komt, i kvantitativ rekkjefølgje, frå:

Lånekassen
Mamma (hei!)
Odda Kommunes Kulturstipend
Diverse Frøken/Fru/Herr/Greve/Skibsreder XXXs almennyttige fond for tekkelige tøser

Dei er hyggjelege og slår på tråden, og eg klarar å overbevise dei om at dei har heilt koko opplysingar om meg, og at mi forventa inntekt er 30,000 sånn omlag. Så då legg dei i vanvare på ein ca. 18,000 kr til og sender eit nytt elende i posten. No er forskotsskatten min 8,200, framleis svimlande for nokon som så og seie ikkje tener pengar. Definisjonen på 'fattig' er ein person eller husstand som ikkje kan takle ei uforutsett utgift på 2,000 kroner, eg er derved 1/3 fattig når eg erklœrar at detta gå faen meg ikkje an. FYSJ!

Ellers har eg vore på Raptusfestivalen og kost meg. Det får meg og til å tenkja på kva som hadde hendt dersom "Zu og Pereng Dreg på Konsert" i 1999 ikkje hadde forsvunne på Jippi forlag sine kontorer (som dei forklarte i retursendinga 3 år seinare, med orda: 'Hei, vi fant denne da vi rydda'), men hadde som lova vorte trykt i Forresten. Då hadde eg vœrt ENDÅ fattigare tenke eg.

7.9.06

Tilbakelening

Detta e fine greier. Eg har hatt ei suksessveka utan like, reint karrieremessig.

For det fyrste har eg vist eit biletspel på Landmark, det skjedde tirsdag i forbindelse med eit arrangement på Phonofestivalen, med performance, foredrag og film. Trur performancen var bra, men diverre var eg for sein til den, og rakk berre eit ubehjelpeleg foredrag (men med eit interessant tema, kunstnaren Hannah Wilke) og filmane.

I går opna utstillinga vår på Vestivalen, det gjekk fint, me hadde kjøpt brus og fekk blomar i retur. Jorunn solgte eit måleri, og det e goe greier, for me deler 50/50. Dette er jo i tråd med prosjektet sin ide, sidan opphavsretta her er noko skoddeaktig. Mine foto har dessverre gjort sport i å detta ner frå veggen, og eit av bileta som hadde dotte ner hadde blitt 'rydda–krølla saman og slengt i boset! Jo takk ska du faen meg ha.

Til slutt: Lag (ikkje 'team') Anemari og Ingerid har klart å slå igjennom som frilansarar, vårt fyrste intevju kom i avisa Hordaland i dag.

4.9.06

åndsverk kjem

Jorunn Haugse og ego har laga ei juridisk inspirert utstilling i høve Vestivalen.



I grenselandet mellom idè og forveksling.


§22: ”Det er tillatt å sitere fra et offentliggjort verk i samsvar med god skikk og i den utstrekning formålet betinger.”
§46: ”Et åndsverk må ikke gjøres tilgjengelig for almennheten under en tittel, et dekknavn eller et merke som er egnet til å fremkalle forveksling med tidligere offentliggjort verk eller dets opphavsmann.”

I Vestivalens første kunstutstilling har kunstnarane Jorunn Haugse og Ingerid Jordal teke føre seg §22 og §46 i Ånsdverklova i eit billedleg plagieringsprosjekt. Ved å arbeida ut frå ein dynamisk idè har dei bedrive hemningslaus kopiering av kvarandre sine arbeid, der einkvar respekt for uttrykkja ”kopi” og ”original” opphøyrer. Arbeidet består av både fotografier og målerier. Arbeidet kulminerer i ei utstilling i Vrimle på Jussfakultetet.