Hot spot i nord
Altså, det er ikkje noko kvarsomhelst detta herre Vadsø.
http://www.finnmarken.no/lokale_nyheter/article2901017.ece
sofa i Varanger
Altså, det er ikkje noko kvarsomhelst detta herre Vadsø.
http://www.finnmarken.no/lokale_nyheter/article2901017.ece

Etter å ha fulgt mamma og pappa til hytto i Bjoa kjørte eg bilen heim igjen i ettermiddag. Siden mamma les her av og til vil eg presisera at eg kjørte fint og holdt fartsgrenso heile veien. Men når eg kom til Hildal begynte det å lukta svidd og fælt. Og voila- når eg stoppe på Sandvin for å sjå, oser det røyk ut av dekket foran. Eg fikk litt panikk, dessuten måtte eg veldig veldig på do. Raste/bosplassen på Sandvin har ingen do, men ei mosegrodd steinrøys der ein med eit augneblinks uforsiktighet kan kvesta ein ankel. NAF var heldigvis raske, og eg fekk sitta på heim med vår bil på lasteplanet. Etter ein time fekk eg plutselig bilen igjen, levert på døra. Ka som var gale veit eg ikkje, mekkemannen berre sa 'vi sende regning te gamlingen' ut bilvinduet, og så reiste dei igjen. Egentlig heilt greit å vere uvitande og kanskje litt umyndiggjort. Hurra for mekkefolk!
På Grimo har dei skulpturpark med landbruksmonument, her var eit eg likte spesielt godt:


Juli-utgåva av Cosmo (UK) seier at eg ikkje må ta ny jobb eller slutte i jobb rundt den 2. september. Det er jo akkurat det eg kanskje skal! Flaut nok blei eg litt bekymra, ikkje fordi at eg trudde på horoskopet, men fordi eg følte det litt som om Cosmo overvåka meg og prøver å påverke avgjerelsane mine. Kor skummelt er ikkje det?
Vil og benytte bloggen som alle les til å takke alle dei som IKKJE deltok i Landslaget for Lokalaviser sin sommarkonkurranse veke 27. Takk! De hjalp meg å vinna! (ja eg vant!)
Kan eg, kan du og: http://www.lla.no/tekstsider.cfm?id=30695&aid=135479
I dag har eg bestilt flybillettar til London. Endelig endelig endelig, etter halvanna år med å sende tekstmeldingar om at eg komme any time now, og just have to wait for that payment to come through og så vidare, har eg no ein konkret og hovudsakeleg betalt plan om å dra frå Odda og ankomma ein rotete liten leilighet i Hackney den 26 august! Bliss. Gler meg til å sjå att folk og stader, og sjølvsagt: eg har mykje ushoppa.
Eg har to bøker av Fedon Lindberg liggande på skrivebordet, som eg har lest og funne, om enn litt usmidig skrive så ganske fornuftige. Det som eg synst er festlig, er måten denna fyren markedsførar seg på. Vi har alle sett minst eit bilde av han, og slik ser han ut på alle bilete. Knallblid og veldig sikker på seg sjøl-smil. På baksio av den eine boka har han det sedvanlige smilet som minnar meg litt om uttrykket til Paris Hilton. Og så har han ei stripete skjorta. Og så har han eit flamingo-slips. Og så har han slengt på seg legefrakken utanpå dette, for å sjå seriøs ut.
Det er egentlig ein god del som lese denna bloggen (store mørketall), men det er ingen som kommentere. Eg lure på om eg skrive om udebatterbare tema, eller om alle mine lesarar er analfabetar.