28.12.07

stappakaka

Sånn kan ein kjenna seg etter å ha fungert som endestasjon for ei halv delfiakaka og tre kilo steik og masse øl og saus og pinnakjøtt og poteter og peanøtter og marsipan og vin og vodka.
Derfor blir det ekstra godt å tenka på at eg skal bli ein racer på ski så snart eg kjem opp at til Vadsø. For første gang skal eg få meg noko anna enn smørefrie ski, så det blir flott. Voksen no. Starting monday.

Her i Hardanger er vi så lokale patriotar at vi vurderar å gå på Tone Damli Aaberge-konsert, berre fordi ho spelar i Odda.

Har ellers kost meg med Bømlo-nytt sin tabbe og Mallorcablusen i jula.

Mål for 2008: komma seg

a) til Mehamn (Gamvik kommune, Øst-Finnmark)
b) ut av Europa (gjerne vha transsibisrken)

21.12.07

VINNAREN

Eg vant Mehamn-lotteriet! Eg kan velga mellom tre ryper x kilo røykelaks og x kilobær av ein sort eg ikkje huske! O heilag natt! Sjølbvsagt var det nr. 47 (samanlagt) som sikra premien.

Me har og vunne quiz'en på Opticom. For første og sikkert siste gang, men dog. Sterkt og vakkert.

19.12.07

vind

Sånn her var det i fjor.



Sånn e det ikkje no!!!!

Stormen Rita skal sveipa over Øst-Finnmark i kveld og natt, eg høyrer ho allerede. Det er meldt opp til 30 m/s på utsatte steder (ikkje Vadsø, men vi kan vel få sånn ca 25 ifølge varslet).

NRK seier: Sterk storm er nummeret før orkan og karakteriserer vindstyrker på 28,5-32,6 meter per sekund.

Ah, ekstremvær.

16.12.07

Juleglede

Har desverre lagt att Sterk Naken og Biltyvene- CDen heima i Odda. Ellers skulle eg høyrt på Juleglede veldig høgt og dansa alt skallebanken tillet. I stedet åpnar eg julekalenderen. Ifølge sikre kilder har ein minimal sjanse for å vinna i Røde Kors sin julekalender, så eg satsar på Vadsø Skiklubb sitt lotteri i stedet. Ski trengs nemlig sårt, om eg skal oppretthalda (eller kanskje innføra) mitt sportslige image.

Søndagsmiddag: Rødbrus og reinsdyrspølsa.

14.12.07

Tannfeen


Min tannfe er ein tyskar som heiter Jörg. Han har fått masse masse pengar og eg har fått normale tenner. Kem skulle trudd det? Har berre tatt seks år sidan eg tryna i trappa utanfor sagnomsuste Randall Lines student house i Wolverhampton, og pådro meg den mest langtekkelige og frustrerande føljetongen i mitt liv (kanskje med unntak av slanking, men MYE dyrare). Knekte fortenner førte til først og fremst smerte, deretter plastikk, mislykka rotfyllingar, betennelse, nye rotfyllingar, meir plastikk, polering, brune fortenner, blå fortenner, femten forskjellige tannlegar med ulike meiningar men med konsekvent stive prisar og eit stadig heftigare hestepreg på kjeftamentet har i mange år vært ein del av kvardagen. Så det var ei stor stund i går, då eg kunne smila heile vegen frå tannlegekontoret med permanente poselenskroner i rett farge. Jul, bursdag og navnedag på ein gang.

Og joda, eg tok bilde av dei nedslipte tenna. Det var mindre kvalmande enn eg huska, og tannlegen synst det var veldig vittig. Trur ikkje eg legg det ut her, for det kan verkeleg bli brukt mot meg.

Ellers: STORM. Og helg med tur til Nuorgam og Polmak.

11.12.07

førjulsgleder

Ingenting får tida til å gå som halvdårlig samvittighet for ting du ikkje rekk. Eg har mista oversikt over kor mykje eg har som tilhøyrer det stakkars biblioteket her i byen. Eg trur 3/4 av alt lausøyre i heimen er lånt lykke, og eg har ikkje ein gong lest/høyrt/sedd halvparten: minst tre bind av Isfolket, 10-ish CDar (frå Dimmu Borgir via Oddvar Torsheim til samisk julekveld), bilder frå Helsinki, bok om reindriftssamer, eit par skjønnlitterære, ordbøker og noke anna rask. Gjett ka eg har brukt mest tid på?




I motsetning til alle andre bibliotek, er dei her liksom glade for at du vil behalde bøkene så lenge som mogleg. Så purregebyr eksisterer ikkje, i følge sikre kilder. Eg har likevel som mål å levere tilbake minst halvparten av sakene før helga. Det er sikkert andre og som vil lese om Lucifers kjærleik.


Til helga blir det gavehandel i Polmak, flæsk og alkohyler i Nuorgam (Finland). Og på torsdag får eg nye tenner- o and she did praise the lord hallelujah! Skal se om eg tør ta bilde av meg sjøl i det midterste metamorfosestadiet- uten noe særlig tenner i det heila tatt. Det ser litt The Dentist ut. Blir dei perlekvite bra feirar eg med øl og sisteplass i torsdagsquizen, om ikkje blir det meir av oppbyggjelig litteratur heima i sofakroken.

2.12.07

Markeringar

No er det ikkje så lenge til eit par merkedagar. Neste veka blir eg ordentlig voksen. Bloggen feirar snart 100-innleggsjubileum (men det kan bli lenge til om eg fortsett i samme tempo). Så har vi jul og alt det inneber.
Bursdag har aldri vært det samma etter at eg slutta å kreppa håret. I år skal eg skaffa kaka sjøl, for det er tradisjon på min nye arbeidsplass.

I går var eg på brytestevne, det var ganske kjekt. Bryting er svære saker i Øst-Finnmark, fra fem år og oppover går dei laus på kvarandre i Vardø, Tana, Båtsfjord og Kirkenes. Men det er ikkje så brutalt som det høyrest ut. Kan aldri tru at fotball er noe bedre. Og så har ein på seg ganske artige drakter som ser litt ut som tekkelige badedrakter for kvinner på 50-talet.

24.11.07

Mine gleders by

Les for tida Mine Gleders By av Richard Herrmann. Som føyer seg fint inn i mitt beskjedne men veksande utvalg av London-litteratur. Desverre er det ei bok som skal tilbake til biblioteket snart.
Er fremdeles glad for at eg bur her og ikkje der, men eg savne noe så inni hampen av og til. Alt eg studerte, alt eg visste, språket, sjargongen, bare drypper ganske sakte men sikkert ut av håvet mitt. Om fem år, har eg glømt alt? I sommar skal eg leiga rom hos Leah i Hackney og ha ein måned i urbanitetens tegn.

Samiskkurset mitt sluttar på onsdag. Utsiktene mht mørketid utan kunnskapsløft blei for store for meg, derfor har eg meldt meg på eit nytt eit. Som visstnok er på eit litt over begynnar-nivå, varar heilt til mars og er tilrettelagt voksne. Komme til å savna memory-spel, samisk bingo og kaker, men fint å få dundra inn litt grammatikk. Spesielt er eg spent på kasuset Ilativ, som eg aldri har hørt om før.
Nettressurs for nordsamisk finst her, om nokon skulle vera interessert: http://www4.ur.se/gulahalan/

Ein måned til jul. Treet på Vadsø torg er eit skabbete furutre. Men i forhold til det som står på skuleplassen er det direkte nydelig, og det seier mykje meir om skuleplasstreet enn det gjør om torgtreet. Jesus wept.

16.11.07

Solarium og nordlys

Eg er veldig gira for eg har sett nordlyset. Eg såg nordlys for første gang i mitt liv på onsdag, på veg frå Vardø i ett-tida om natta. Siden då har det vært nordlys kvar dag, og då kan eg kjøra til ein eller annan plass utan gatelys og se på det heilt til eg blir redd for spøkelser i villmarka og må kjøra heim igjen. Det tar bare noken minutter før det skjer, så opplevelsen blir kortvarig men kanskje desto bedre.
Ellers har eg fremdeles ei ekstatisk forventning til at et eller anna har forandra seg til det bedre oppi håvet mitt etter trillrundtturen i bil forrige veka. Derfor er eg generelt positiv og glad for tida.
(Hittil har eg ikkje merka nokon seinskader utover at eg blir stadig dårligare til å huska navn, men den nedtrappinga i hjerne-RAM har holdt på lenge.)
I går måtte eg svinga unna noen rein som sto og dumma seg midt på vegen, det har heller ikkje skjedd før, men det var egentlig ikkje noe meir avansert eller prinsipielt forskjellig fra kyr/geiter/sauar i vegen.
Uansett, i Vardø var vi på åpning av bluesfestival, og eg blei av ein eller annan grunn "intervjua" av platesnurrar Geir Hovig. Eg sneik inn reklame for Finnmarken, Odda og Blueshelga Lokst Utøve. Så om det skulle vera noken Eldorado-lyttarar der ute blant lesarane, kan dåkke høra mi fagre røst på lufta lørdag neste veka. Turen resulterte ellers i ordet "ståpikk" i ei overskrift i Finnmarken, noko som fekk ein vardøværing til å reagere på ufint språk. Ein vardøværing som meiner at ordet ståpikk er ufint, er visst ein sensasjon i seg sjøl, og debatten går om denne innringaren eigentlig er ein bedragar.

Om ei lita veka, den 21. november, går sola. Skvækk! Eg har tatt litt solarium for å lada opp batteriene, men gleder meg egentlig. Skitne vindauger vert som nye.

Og joda, ny bil og greier og greier. Nokon kallar den bling, andre frekk. Den er desverre ikkje gull eller gul men ein slags overmoden fersken/sennep. Sota bakruter hepp hepp!

You know you wants it! Vrom vrom, ørn ørn!

8.11.07

BANG

Det er etter sånne utforkjøringar ein skal bli religiøs (men eg ska ikkje ikkje bli det). Mest sannsynlig fortsetter eg i samme tralten.
Men eg har i alle fall fått et veldig nytt og positivt inntrykk av Kirkenes sykehus. Har hittil bare lest i avisa om kor gale det er at ortopediberedskap skal leggast ned og at sjukehuset generelt går til h•lvete og mest sannsynlig skal leggast ned. Så eg såg for meg et sjukehus ala Wolverhampton akuttmottak, med blod på veggane og 15 timars ventetid. Men det var ikkje sånn i det heile tatt og eg hadde ei etter forholdene fin natt på observasjonsavdelinga.

Stakkars lille bilen har mest sannsynlig avgått med døden, men vi får no sjao.

29.10.07

om kjolar og skjørt

Mari og Jokke blei gift, eg og Ragnhild sutra, og eg har funne ut at eg kler hårbånd. No ser eg på Dei Offisielle Brudebileta, men publiserar ingenting før brura har sagt sitt.

Eg er atter henvist til buksetilvera, etter å ha tilbrakt tre flotte dagar i kjole. OK, den siste av dei tre var ikkje så flott, men det hadde meir med sjampis, vin, øl, rusbrus, whiskey, konjakk og meir øl (i den rekkefølgen) dagen før å gjør enn med bekledninga.
Bare dumt at det er så mye kjekkare å gå i skjørt og kjole, enn dumme fleskete bukser. Men kjole i stiv kuling er uflatterande og avslørande, og ikkje minst kaldt. Når eg blir stor skal eg få meg ein ekte kontorrotte-jobb som er så forutsigbar at eg kunne spydd men som gjer at eg kan kle meg etter inneklima. No sitte eg på ræva heile dagen men må vere kledd for å KANSKJE skulla ut på forblåste vidder.

Klarer ikkje lenger å lesa noe anna enn hjernedaue bøker, eller relativt hjernedaue i alle fall. Nestemann som må leggas i 'kanskje snart'-bunken er Iain Sinclair. Margit Sandemo I'm all yours...yet again.

23.10.07

stadig noe nytt

Signe i Kiberg.

Ørjan er så flink å gje meg google-treff at eg nesten burde gje han ei påskjønning. Tenk at navnet mitt skulle dukka opp på kjerka.no

http://www.kjerka.com/kultur/northern-light.html

No skal eg laga 50 fine bilder på cd og shippa da til bildebyrå i London. Slikt tener ein kanskje ti kr i året på. Så framt at dei vil ha bildene då men dei har jo spurt så regner egentlig med det. Ein bør helst vera i Getty eller tilsvarande skal du tjena noe særlig på byråsalg, så vidt eg har skjønt. Aberet er og at eg binder reproduksjonsrettighetane for 36 mnd, derfor er det ikkje alltid så lurt å senda dei beste bildene (men opphavsretten er framleis min) i fall noen andre ville ha lyst på dei. Heldigvis vil dette byrået ha litt 'edruelige' (noen ville kanskje brukt ordet kjedelige) bilder, så det blir gjerne ikkje overlapping, men likevel kjipt å ikkje senda det aller beste ein har. Byrå er fjåsete. Og ja, det er derfor noen fotografar tar femten like versjonar av samme bilde, så har dei til alle byråene. :)

21.10.07

I reinbadet

Denna veko har eg vore i reingjerdet på fjellet på veien mot Båtsfjord. Rein lager mange artige lydar som eg ikkje visste om.

Har besøk av mamma og signe, vi har kjørt masse masse bil, til Vardø og Hamningberg og i dag til Mortensnes, og dei har hjelpt meg å forstå litt om frostvæska, billys og spylarvæska (det lukte godt!).

No er det snart jul, men først blir det Oslo-tur og Mari sitt bryllup neste helg (herregud ka ska eg ha på meg), Murmansk-tur om to veker (mye det samma spørsmålet, bare meir pels-orientert), og forhåpentligvis heisatur med jobben til Helsinki i begynnelsen av desember. Hurra!

12.10.07

Kongekrabbesafari


Never mind skvisja tryne og ødelagte skinnhanskar, eg er no ein del av klisjeen om Varanger. Woop!

4.10.07

Nice one

http://www.guardian.co.uk/travel/2007/oct/03/norway.heritage


:D

No kan eg forresten sei telefonnummeret mitt på samisk.

26.9.07

Klena til Christel



Christel i Røldal lage haute couture. Her e noen eg tok bilde av på kraftstasjonen i Tyssedal rett før eg drog i sommar.

22.9.07

Detta bildet tok Ingrid då vi var på ein førsteklasses restaurant i Kronstadt utafor St Petersburg. Haien med flasko og skoen er fin. Eg blei litt nostalgisk.

No har altså klart å skaffa ein møbel. Eller, fem møblar, det dreier seg om bord med fira stolar.
Men dessverre har eg ikkje greid å skaffa meg noen vennar. På den lyse sido er det heller ingen fiendar i sikte, så lenge det er balanse skal eg ikkje klaga.
Men det hadde gjort seg med litt selskap. Internett og tlf er kjekke ting, men det blir ikkje heilt det samma. Fremdeles har eg ein DVD fra London-turen eg ikkje har sett, men etter det må eg bare få på meg sosialhatten...

Aldri har eg sett så mykje vestlandsrevyen som no. Heldigvis ringer Erlend ganske ofte og snakke om Hotell Cæsar. Det er ganske inspirerande egentlig.

Noen som såg Idol i går? Koss gjekk det med Helge?

14.9.07

BILEN


Finnmark er ellers eit fint fylke for fart, så litt synd at motoren er puslete. I går drog eg på reportasjetur innøve fjellet og etter å ha sett kossen mannen i monstertrucken foran kunne køyra galen over dammar, steinar og svære høl i vegen så sprøyten sto langt inn på vidda fekk eg og lyst på ein sånn bil.

12.9.07

apropos Schanche


Miljøbygget i Tana bru!

11.9.07

Mens me ventar på tal

Oddingane lar seg altså ikke overbevisa om at detta herre FN-greiene er noko positivt, og stemmer nei til søknad om å kome på verdsarvlista, slik at me kan få Bu Bygg og Domus på smelteverkstomta i staden for UNESCO-dritten. Sprekt...
Har sotte klistra foran ein sviktande direktesending via NRK nett heile kvelden, og begynner å bli klar for horisontalt leie, men må ha tala frå kommunevalet først. Pappa må tella litt fortare!

Utflukter finnmarkingar tar:
Til Nuorgam i Finland. Pol og flæsk. Ca. halvanna time.
Til Haparanda i Sverige. IKEA. Ca. 10 timar (ein veg ja)

4.9.07

toyota, varme jordfargar, kalde fingrar


Utsikt frå Finnmarken-kontorene i dag ettermiddag (min utsikt er motsatt vei, ut på hovudvegen og eit par røykande polakkar som bygger mur).

Livet i nord utan bil har vist seg å vere ineffektivt. Motorisert ferdsel er alfa og omega, spesielt når eg har tatt ein leilighet som ligg 35 min gange frå sentrum, der den er umøblert og eg ganske rundskuldra. Eg har bokstavelig talt hatt ein mjuk start med innkjøp av ei sofapute. I måro blir det to lamper, og dessuten er det den store dagen då senga kjem, og om maktene vil, flyttelasset mitt.
Stovo er dekorert med ein blåfarge eg ikkje kan leva med, så den skal bli til noe anna. Fargekart er ikkje mi sterke side, og eg pleier å kunne mistru mine eigne avgjerder i sånne litt større saker. Men i fargeheftet står det at ein skal tenke årstider når ein maler, og at det som verker lyst no kan bli dystert når vinteren kjem. Evt. det som er friskt og klart kan bli kaldt og uvennlig. Derfor tenker eg at varme, men veldig lyse, jordfargar er vegen å gå. Det har allerede blitt kaldt forresten, og etter middag er det kaldt å gå ut uten vottar. Det skal eg no, eg skal enten kjøpa tannkrem eller gå på kino og sjå ein japansk teiknefilm. Må bestemme meg relativt fort.

Denna kan kanskje hjelpa meg på veg:
http://pal.finn.no/pal/harila/car/object?finnkode=10635501&sid=xz13abcfBIcu044004

26.8.07

Haden

No har eg stemt, pakka og er klar for avreise. I sommar har eg ikkje vore på eit einaste fjell. No ventar storbylivet i London og sidan det høga nord.

:D/D:

20.8.07

ord eg like



pond life
-eit flott ord som fornærmar andre sin intelligens skikkelig utan å ty til banning

Miljø som ikkje er utprega intellektuelt stimulerande er eksempel på 'pond life'.

12.8.07

meir bannskap på bokmål?

No har eg begynt å få avisa Finnmarken tilsendt i posten, og det er veldig kjekt å oppdatera meg på skuterferdseldebatten som rasar i nord. Og så har eg fått oppskrift på Suksessterte frå Hildonen konditori i Vadsø, som er den beste kaka eg har smakt, samt registrert at min planlagte bruktbilforhandlar har vorten kåra til Årets Vadsøværing. Laurdagens forside har STORT bilde av Putin som visstnok seier NJET til innbydelsen frå Sør-Varanger kommune om å kome på vitjing. Det var litt dumt, eg skulle jo som sagt gjerne ha truffe Putin.

Driv ellers og stålset meg for å skriva bokmål. Det blir litt snålt. Men kanskje blir det sånn med engelsk, at siden det ikkje er 'mitt' språk føler eg meg litt friare i forhold til ka eg kan tillete meg å skriva. T.d. bannar eg mykje meir på engelsk enn på norsk. sjøl om eg brukte engelsk dagleg i over fire år fekk eg aldri verkeleg den 'respekten' eg har for mitt eige språk. Det er litt likt med bokmål. Kanskje hadde eg banna meir på bokmål enn på nynorsk, om det reint hypotetisk sett var slik at eg måtte ha snakka det og? Men skrivinga blir lika pen og pyntelig der oppe som her nede. Bare litt meir trasig.

Eg har forresten blitt fortalt at oddingar er dei søringane som minnar mest om nordlendingar. Kanskje finn ein sin indre odding i Varanger? Det må vere stoff for å kaste seg på Odda-bølga med eit synkande skip.

4.8.07

Eg skal laga nettsida. Men kan ingen hjelpa meg? Dreamweaver er for innvikla, Adobe GoLive er for ny for dataen min. What's left? Til mac OS X versjon 10.3.9.

No dreg me på Festidfalen. Fyttifysj for et vær. Og eg må halda meg edru.

1.8.07

Livet utan Nokia

Eg har fått ny mobiltelefon sånn heilt plutselig. Min klikka for n'te gang i sommar, og det er et problem når ein skal vere journalist. Eg blei sinna på den og slengte den litt hardt i ei hard overflate. RIP. Så hadde besta faktisk ein telefon på lager, derfor har eg no plutselig eit lite Siemens-utyske å hanskas med. Reknar med at det tar eit par mnd før eg klarer å opererea den ordentlig, men telefon er telefon.

Hihi, eg skal til Uskedalen!

Mi venninne Nadja har endelig fått seg nettside, eg putter den her for dei som likar fotografi (med tysk grunntone): http://www.nadjawehling.de

Eg forsøker å huske at det finst eit anna ver. Med det vi har no er det ingen grunner som talar for å bry seg med Sør-Norge i det heila tatt. Sjå her: om det er slik heile tida, er vel det berre trivelig? (bildet er forøvrig teke i fjorden) Og tenk, snø i tillegg!

30.7.07

Hot spot i nord

Altså, det er ikkje noko kvarsomhelst detta herre Vadsø.
http://www.finnmarken.no/lokale_nyheter/article2901017.ece

25.7.07

Ein arbeidstakar fortel

Eg talar Cosmopolitan midt imot og dreg til Finnmark. Hurra!

21.7.07

Ting som går som står


Etter å ha fulgt mamma og pappa til hytto i Bjoa kjørte eg bilen heim igjen i ettermiddag. Siden mamma les her av og til vil eg presisera at eg kjørte fint og holdt fartsgrenso heile veien. Men når eg kom til Hildal begynte det å lukta svidd og fælt. Og voila- når eg stoppe på Sandvin for å sjå, oser det røyk ut av dekket foran. Eg fikk litt panikk, dessuten måtte eg veldig veldig på do. Raste/bosplassen på Sandvin har ingen do, men ei mosegrodd steinrøys der ein med eit augneblinks uforsiktighet kan kvesta ein ankel. NAF var heldigvis raske, og eg fekk sitta på heim med vår bil på lasteplanet. Etter ein time fekk eg plutselig bilen igjen, levert på døra. Ka som var gale veit eg ikkje, mekkemannen berre sa 'vi sende regning te gamlingen' ut bilvinduet, og så reiste dei igjen. Egentlig heilt greit å vere uvitande og kanskje litt umyndiggjort. Hurra for mekkefolk!

På Grimo har dei skulpturpark med landbruksmonument, her var eit eg likte spesielt godt:


10.7.07

Framtida (den nære)

Juli-utgåva av Cosmo (UK) seier at eg ikkje må ta ny jobb eller slutte i jobb rundt den 2. september. Det er jo akkurat det eg kanskje skal! Flaut nok blei eg litt bekymra, ikkje fordi at eg trudde på horoskopet, men fordi eg følte det litt som om Cosmo overvåka meg og prøver å påverke avgjerelsane mine. Kor skummelt er ikkje det?

Vil og benytte bloggen som alle les til å takke alle dei som IKKJE deltok i Landslaget for Lokalaviser sin sommarkonkurranse veke 27. Takk! De hjalp meg å vinna! (ja eg vant!)

Kan eg, kan du og: http://www.lla.no/tekstsider.cfm?id=30695&aid=135479

8.7.07

Måkestad Bil

3.7.07

London, Fedon

I dag har eg bestilt flybillettar til London. Endelig endelig endelig, etter halvanna år med å sende tekstmeldingar om at eg komme any time now, og just have to wait for that payment to come through og så vidare, har eg no ein konkret og hovudsakeleg betalt plan om å dra frå Odda og ankomma ein rotete liten leilighet i Hackney den 26 august! Bliss. Gler meg til å sjå att folk og stader, og sjølvsagt: eg har mykje ushoppa.

Eg har to bøker av Fedon Lindberg liggande på skrivebordet, som eg har lest og funne, om enn litt usmidig skrive så ganske fornuftige. Det som eg synst er festlig, er måten denna fyren markedsførar seg på. Vi har alle sett minst eit bilde av han, og slik ser han ut på alle bilete. Knallblid og veldig sikker på seg sjøl-smil. På baksio av den eine boka har han det sedvanlige smilet som minnar meg litt om uttrykket til Paris Hilton. Og så har han ei stripete skjorta. Og så har han eit flamingo-slips. Og så har han slengt på seg legefrakken utanpå dette, for å sjå seriøs ut.

Det er egentlig ein god del som lese denna bloggen (store mørketall), men det er ingen som kommentere. Eg lure på om eg skrive om udebatterbare tema, eller om alle mine lesarar er analfabetar.

27.6.07

vekas SMS

Har du noko med det faktum at eg fann husmorporno i postkasso mi? Farlig begjær, med ei blondina på framsida...

Det aller kjekkaste er at eg ikkje har noko som helst med det å gjera. Men eg likar å vera fyrstevalet i den slags beskuldingar.

23.6.07

tiss


I går var eg på dass på den nye turistvegen mellom Utne og Jondal. Arkitektane hadde virkelig slått seg på assosiasjonsbruk og når du sat på doen såg døra slik ut. I tilfelle du ikkje må på do frå før av, så får du litt drahjelp....

I dag blir det terassefest, og eg har ikkje noko vetugt å kle på meg. Det er for kaldt for den nye kjolen, som eg forøvrig svetta ut med vektløftingsdans hos Liv Eirill i går, og alt anna eg har er litt dass. Eg trur raude sko må redda meg ut av knipo nok ein gang.

15.6.07

Fretex

...kan gleda seg til å få ein gedigen masse av "deigræv med dårlig smak"-kle frå Vasstun. Noken av dei har reist heilt frå Praha berre for å bli kasta med avsky ned i ein svart bossekk av meg. Det eine skjørtet må beskrivast. Hugsar nokon dei badedraktene som var ruglete? Relieff-stoff, nesten? Sånn var stoffet i skjørtet, som satt ganske stramt. Men nederst var det ein blondekant som spratt utover som på eit strutteskjørt.
Detta gjekk eg med offentlig, gjerne med dongeribukser under. På Vossevangen m.a. Gjerne med hankeam og kjetting rundt livet. Når eg tenkjer meg om fortjente eg nesten å bli banka opp.

Innimellom alt det HÆSJLIGE fann eg ein søt småblomstrete raud sommarkjole med skulderputer. Utan siste ledd vert det eit ganske kosher tilslag til garderoben. Eg har fått lånt litt peng av ho mor så i måro skal eg shoppa i gågato!


Detta bildet fant eg og blei litt glad for eg hadde glømt det.
Føyer seg til rekkja av 'bilete av blondine i telefonboks', sist sett i Dunkley st:

11.6.07

Norge Rundt

Slengdissehund
På Sotra bor det en hund som liker å leve farlig. Ni år gamle Tanya trivest best i høyden og får kick av fart og spenning.

Innslaget handla om ei bikkje som likte å henga etter kjeften i ein pinne surra fast med tau i eit tre e.l.. Eigaren, ein skinna fyr med svarte solbriller, dytta bikkjo så ho svingte fram og tilbake, hengande etter tennene. For å gjere det heile 'kjekkare' for bikkjo, arrangerte fyren denna slengdisso over eit stup, sidan bikkjo var så 'glad i ekstremsport'. Så hang og slang det stakkars dyret over kanten der då, og etterkvart byrja ho å laga ein forferdelig gurgle/ule-lyd, som programleiar og eigar såg ut til å ignorera glatt, eventuelt ta som eit uttrykk for trivsel frå hunden si sida. Så ramla ho ned.

Anbefaler alle som kan til å sjå det på nett. Det er noko...heilt anna.

3.6.07

Det er slutt med festspel for mitt vedkommande, men det betyr ikkje nødvendigvis at fest og moro vert erstatta med lesing til eksamen. På onsdag flyttar eg heim til Odda, og eg veit ærleg tala ikkje om eg kjem attende til Bergen med det fyrste. Det er lenge sidan eg ikkje hadde ein konkret plan med livet mitt, men det er ganske befriande, avslappande og stressande på same tid. Har ikkje begynt å rydda, pakka eller forbereda meg på nokon som helst måte til avreise, men eg og Liv Eirill i Odda har planlagt at det skal i alle fall bli ein fest i løpet av sommaren. Så, om du som les dette befinn deg i Odda kan du jo følgja med utover juni, så skal du sjå du vert invitert!

Totalt utan samanheng, her er gruppo люди из прошлого frå St. Petersburg. :D Dei er tvillingar, og syng oppbyggjelege songar om korleis den russiske jords folk skal seie nei til narkotika og alkohol (sånn ca.).

31.5.07


28.5.07

Bæsj i kaffien

I måro skal eg på Lunsj i Logen og høyra Trond-Viggo i samtale med Kjartan Slettemark. Aner verkeleg ikkje kva eg har i vente, men det er jo sannsynleg at eg set maten litt i vrangstrupen om det blir sånn.

Oppdatering: Det vart litt 'sånn', men veldig koselig og rett og slett familievennleg på ein lettare soppåverka (er det eit ord då?) måte. Og i morgon vert det støytrio Slettemark, Kjetil Manheim (trommisen frå Mayhem) og Lasse Marhaug.

26.5.07

No skal eg gå og få hjelp til å fylla ut sjølvmeldinga. Lord have mercy on me.

24.5.07

Kongen

I dag skal eg sjå på kongen. Han skal opne festspelutstillinga kl. 13. Eg hadde egentlig litt lyst å pynta meg, men det regnar så inni gamper*va at det mest sannsynleg har lite for seg. Eg er ingen stor royalist, men eg er glad i kjendisar, og kongen er absolutt ein av våre største kjendisar.

Andre kjente folk eg har veldig lyst å sjå, er Putin og Margaret Thatcher. Ikkje fordi eg har noko til overs for politikken deira, men dei har likavel ein stor fascinasjonsverdi. Når me var i St. Petersburg reiste to i klassen vår for å sjå på ein stor bokseturnering, og der dukka Putin opp, saman med Silvio Berlusconi og Jean-Claude van Damme (sic!). Me andre vart litt misunnelige.

Eg tykkjer uansett av store politiske kjendisar er meir interessante enn underhaldningskjendisar, sannsynlegvis fordi dei har ein god grunn til å vere kjendisar. Eg har ikkje så mykje imot tullekjendisar av typen Idol/Farmen/Skal vi Isdanse?-kaliberet, men dei er jo ikkje i nærleiken av å vere interessante. Store underholdningskjendisar er litt bedre, men når ikkje opp til diktatorspire-nivået der Putin befinn seg. Kongen kjem nok heller ikkje opp på det nivået, men han befinn seg i ein annan liga. Han inngjev ikkje til frykt og beven, berre litt god oppførsel.



Putin hadde uansett ikkje passa på festspelutstillinga, men eg må prøva å få han med meg på ein bombastisk militærparade e.l. i Moskva før han går av. :D

20.5.07

Framtida og aspektbruk (i futurum)

I staden for å avgjera ka eg skal gjera med livet mitt, må eg lesa til eksamen. I går vart eksamenslesinga avbrote av følgjande, i tilfeldig rekkefølge:

kaffikoking (om lag fira gonger)
laga sjokoladebollar
snopetur på Esso (berre ein gong, men ganske innbringande)
Stolthet og Fordom på NRK2
internett


Ei tid no har eg fundert på å flytta til Russland, og ganske langt inn i Russland, nærare bestemt Irkutsk i Sibir (ved Baikalsjøens bredder). No byrjar det å hope seg opp med gode grunnar for å la vera å dra dit, derav hovudårsaken EG HAR IKKJE LYST LENGER. No har eg to Bachelorgradar og ein Master, ein sjanglande kunstnarkarriere, eige firma, ein gryande journalistjobb, sinnsjukt mykje studielån, og ei trang til å bare vera heima og slappa av og nyta livet og yta etter evne, helst ikkje over for ein gangs skuld. Dessutan skal Mari gifta seg, og det vil eg vera med på.

Det er mindre enn to veker att av min karriere som student (inntil vidare), og eg gler meg skikkelig til å berre vera ein vanleg borgar. I praksis arbeidslaus, men det skal nok gå rundt. Fyrst og fremst gler eg meg til å bu og jobba i Odda i sommar, og fresa rundt i bilen! :D

apropos bil, denna la eg mi elsk på:
Den stod på vegen til skulen og var til sals for 5000 rublar.Nokre 16-åringar kjøpte den, og ein dag var den vekke. Imponerande!

13.5.07

Tilbake til kvardagen

Etter seks veker i St Petersburg har eg no kome meg heim til utstillingsopning, Grand Prix og eit hardtslåande feberanfall. Er ganske fornøgd med GP bortsett frå at Верка Сердючка som representerte Ukraina måtte sjå seg slått av Serbia sitt nikjipe bidrag. Me hadde uansett eit veldig engasjert vorschpiel med sjampis og vodka. Feberanfallet har kanskje noko med dette å gjera, uansett var det nok ikkje lurt å vera ute og dansa til klokko halv fira.

Ang Russland kjem eg tilbake til det etter kvert med bilder og anekdotar, kort oppsummert har eg hatt det kjempefint, lœrt masse, ikkje vore uforskuldt sjuk og kome heim att utan varige sår på kropp og sjel.







27.3.07

lappen

!!!!!!

23.3.07

Kunst til overs

Vyrdne lesar, du huske sikkert at eg sutra over diverse avslag som eg hadde opparbeida meg i løpet av min kunstnariske løpebane, og eg framhaldt då ideen om å starta gruppa Kunst til Overs, for dei kunstnarane som ingen vil ha.
Eg har i mellomtida motteke eit par avslag til, denne gongen på eit medlemskap i UKS (som eg faktisk har klaga på i ettertid), ein utstillingssøknad i Akershus, og ein sommarjobb, men jobben var egentlig ikkje så kunstrelatert så det får væra. Dessutan har eg fått ein annan jobb, i Hardanger Folkeblad (wooo!).

Kulturrådet har enno ikkje klart å sjå på søknadane frå 1. desember, så der er det berre å venta. I tillegg har eg søkt etter peng frå Kvam Herad, av di eg skal ha utstilling der no snart, og gode gamle Hardingbanken. Eg er ikkje sikker på om desse søknadane alle gjev utslag på avslagstabellen, men det er godt mogleg. Ellers er det jo snart på tide å sysselsetja kultur-og idrettsavdelinga hos fylkeskommunen att.


Så eg tur eg skulle klare å fylle kvoten på ti avslag innan sommaren. Eg sa ti sant?


Oppdatering: Eg er blondare enn før, befinn meg i Odda og har oppkøyring på tirsdag. I helga skal eg ta bilder til detta prosjektet her.

15.3.07

APTEKA

I desse dagar skal me skriva eit essay om russisk symbolistisk lyrikk, med fokus på Aleksander Blok. Han og vennane hans var ein gjeng med hang til det romantiske, men som etter kvart vart veldig desillusjonerte og til slutt handla all diktinga om demonar og gater med apotek(!). Blok var nok litt verdsfjern, m.a. trudde han i fleire år at forloveden sin var inkarnasjonen av Sofia, det evige feminine, bindeleddet til guddommelig visdom. Han blei veldig sur når han fann ut at ho ikkje var det og var masse utro og skreiv sånne dikt med apotek i. Til slutt døydde han 40 år gammal av syfilis. Av alle dei russarane me har høyrt om til no, er det veldig få som blir gamle, med Tolstoj som unntaket eg kjem på.

Diktene er egentlig veldig fine, eg likar faktisk apotek-diktet veldig godt. Det handlar jo seff ikkje om eit apotek, men om alle moglege sjelelege pinsler og åndeleg desillusjonisme. Det er symboler og metaforar og metonymar og alt det der som eg ikkje er så stø på, men veldig glad i.

Ночь, улица, фонарь, аптека,
Бессмысленный и тусклый свет.
Живи еще хоть четверть века -
Все будет так. Исхода нет.

Умрешь - начнешь опять сначала
И повторится все, как встарь:
Ночь, ледяная рябь канала,
Аптека, улица, фонарь.

Og ei kunstnarisk oversetjing:

Dusk, a street, a light, a drugstore,
A world without sense, and dull.
A quarter-century yet to live for --
So it shall be. Without result.

You'll die -- resume from the beginning,
And, as before, it all repeats:
Dusk, the canal's icy ripples,
The drugstore, light, and city street.


Apotek i Russland er treffande symboler på trøstesløyse. Apoteket utgjer nemlig ei stor del av det russiske bybildet. Men det er kø. Russarane likar jo som kjend å stå i kø, men egentlig har dei slutta med det dei aller fleste stader. Apoteket held stand som møtestad for almenn irritasjon. Ikkje veit eg koffor alle russarane treng så mykje lekarstva (frå lækjarmiddel, no doubt), men det er kjedelig å stå i kø når du er sjuk. Og spesielt når alle foran deg i køen skal dikkedera. Når det blir din tur er det gjerne pererif (pause), dvs at apoteket stengjer i ein halvtime fordi dei som jobbar der skal ha lunsj. Så må du stå på gata og vere sjuk litt til. Heldigvis kan du jo gå til neste apotek nokre hundre meter nede i gata, men det er gjerne kø eller pererif der og. Så dersom det var slik i St Petersburg på tidleg 1900-tal, skjønar eg godt at Blok brukte apoteket som symbolet på vonløysa.

10.3.07

Flott med Sogn og Fjordane som framtidsfylke og greier, men dei burde kanskje ikkje presentera seg med bilete frå Hardanger?

http://www.traineesfj.no/

(det er på Lilletopp med utsikt ned mot Tyssedal)

9.3.07

numa numa

Denna veko har eg ete kaka kvar einaste dag og gått ute i offentleg rom med joggebukse the american way. I dag har eg endelig komt meg på både forelesning og trening. No har eg fått på meg skjørt og sminke og høyrt på russisk popmusikk og Dragostea din Tei litt for høgt, og skal ut og drikka øl med faget (dvs ein fem-seks stykker). :D


Ellers har eg komt til bok 18 i Sagaen om Isfolket. Eg merkar eg klarar ikkje heilt halde tempoet oppe.

Kickboxingartikkelen ligg her.

Eg håpar Jenny tilgjev at eg publiserar eit bilete av ho som kan skade hennar framtidige karriere, men eg blir i veldig godt humør av det (bildet altså...)!

5.3.07

me tek oss ein bildepost til


Aust-London: Ein installasjon som var del av ei utstilling med mange store, øydelagte og stygge ting, flimrande tv-skjermar og bilvrak. Tysk kunstnar, sjølvsagt.


Destiny house. Med unntak av fyrste etasje :)


Aust-London: Frå der eg budde i Hackney kunne ein sjå vanntårnet med ljosa frå City i bakgrunnen. Forresten, kan eg skrive vatntårnet? Det høyrest heilt feil ut!


Hundeveddeløp i Walthamstow, nordaust for London. Både Aftenposten og Dagbladet har hatt svære oppslag om denna plassen. Men eg veit ikkje om dei fekk med at Walthamstow er heimbygda til det uovertrufne boybandet EAST 17!!! Never Forget.


Detta bildet er så knall.

2.3.07

strålande jubel

tanna er vekke, og eg har det heilt fint! Det er nesten litt urovekkande når ein er meint å ha det innmari fælt, men utan nokon openber grunn unngår det. Eg føler meg nesten litt snytt for all vondten eg skulle ha, og all den synda det skulle vert på meg. Men om han no plutselig skulle kasta seg over meg, så kan han på ein sær måte kjenna seg velkommen.

Til glede for lesarane: her er eit bilde frå vindauga i huset vårt i Odda slik det såg ut på tirsdag.
(KITSCH ALERT!)



I morgon skal eg på kickboxingstevne. Det vert interessant og mest sannsynleg ikkje ubehageleg på nokon måte. Eg kjenner meg i allefall veldig herda i forhold til blodsprut ut av kjeften o.l.

27.2.07

HAH!

Eg har bestått den f-ings teoriprøven! Og den var overraskande lite idiotisk. Det verkar som idiotien har minska etter dei la om til nytt system ein eller annan gong i fjor. Teoriprøvar per i dag inneheld 45 spørsmål, der kvart av dei har mellom tre og fem svaralternativ. Den store forskjellen frå det tidlegare opplegget er, så vidt eg har forstått det, at det no er kun eit riktig svaralternativ, medan dei før kunne vere rette alle saman. Så eg har faktisk lite å utsetja på testopplegget, og for fyrste gong i mitt liv ser eg noko positivt ved at eg venta såpassa lenge med å starte med køyring. Hadde eg teke denna teoriprøven som var når eg gjekk på vidaregåande, hadde eg mest sannsynleg stroke ein 10-15 gonger.

Æniway. Eg skal jo snart til St.Petersburg, men oppkøyringa bør skje før det. Då gjenstår berre å ringja til biltilsynet kvar einaste dag for å høyre om nokon har avbestilt ei oppkøyring i slutten av mars. Eg må trena på å legga stemmeleiet i 'kjempesøt-18-åring-leiet' og sjå om det kan gje vinst.

26.2.07

mandag

I dag skal ei venninne av meg, Leah, vere med på avdekkjinga av ein skulptur Liverpool. Tre kunstnarar frå Haiti har fått i oppdrag i å skape ein fridomsskulptur i forbinding med 200års-markeringa (var det rett orddeling?) for opphevinga av slavehandelen i Storbritannia. Skulpturen skal turnere rundt i landet og til slutt bli plassert permanent i International Slavery Museum, som opnar i august i år. Her kan du lese litt og sjå ein film om skulpturen: http://www.christianaid.org.uk/news/media/pressrel/070226p.htm

Visstnok har Leah alle kunstnararne buande i den pittelille leiligheten sin i Hackney, der dei leiker med vodou (voodoo) og har ville festar og lagar kunst. Det høyrest veldig kjekt ut og passe kokobananas.

Og så har eg litt mindre vondt i tanna i dag, og eg har vore på intervju i mi kjære lokalavis Hardanger Folkeblad, i håp om å få meg ein sommarjobb! No skal eg lesa bilteori slik at eg kan realisera draumen om å verta eit vaksent menneske før sommaren.

Oppdatering: Dette var elendig. Du hadde mer enn 45 feil, og har langt igjen før du ville bestått teoriprøven.

22.2.07

tilstandsrapport

Eg er på min fyrste, og ifølge røntgenbileta langt frå min siste,
pencilinkur. Visdomstenna skal røskast over ein lav sko, den fyrste kjem ut neste torsdag. Tannlegen min lagde eit stort nummer ut av å forklare meg at spesialisten som skal gjere dette, er svart i huda. Det måtte han advare meg mot, sidan det var ein del som reagerte på det. OK, det er kanskje nokre, spesielt eldre folk, som framleis synst at folk med svart hudfarge er litt skumle. Men eg lurte på kva det var som fekk tannlegen min til å sei noko slikt til meg. Han forsikra meg om at karen var flink å snakke norsk og at han kunne til og med slå av ein vits på språket vårt! Etter korleis tannlegen la det fram, fekk etter inntrykk av at visdomstannstrekkjaren fekk all betalinga si i bananer... Eg reknar med at det egentlig er tannlegen min som synst at folk som er svarte i huda er litt skumle.


Elles: den blyge vetle fiolen eg bur med har vist sitt sanne andlet. Etter ein fotoseanse som inkluderte datamaskino mi, fann eg følgande melding i eit word-dokument:

'Jorunn Haugse er den kulaste person p[ denne planeten. Ikkje berre er ho ekstremt pen og FIT, men ho er ogsaa morsom og intelligent. Faktisk er ho mykje smartare enn alle I MENSA til saman. Og saa er ho suksessfull og har perfekt hud. Jess daa.'


Kva skal ein seie til slikt?

17.2.07

noen bilder





Eg skal ha ein utstilling klar innan ein månad, det er ganske kjapt det. Eg skal henge opp om lag 14 bilete i kafeen på fartøyvernsenteret i Norheimsund. Eg er litt usikker på om dei får det dei vil ha, men eg trur det. Bileta kjem frå forskjellige turar rundt i Noregs land. Dei handlar om vatn, og er så diffuse (les: ambiguøse) at eg ikkje har lyst å sei noke meir om akkurat det.

Utstillinga opnar 12. mai, eg rekk med andre ord akkurat å tørke vodkaen frå kjeften og haste til Norheimsund og halde ein innlevande opningstale. Etter seks veker i Russland burde eg dessutan ha litt dramatikk å tilføra presentasjonen (mon det).

16.2.07

Av og til er det ein stort mistak å gå ut blant andre menneske, i dag var definitivt ein sånn dag. Eg begynner å merka at å sjonglera tre-fira viktige ting på ein gang er alt for mye for den vetle hjernen min, og den rote til alt sammen. Desverre er det sånn at om eg prøve å droppa ein ting komme det ein ny ein sprettandes opp som ein løvetann med ein einaste gang. Og no er huet mitt fullt av ugras...eller noe. Ting blir i alle fall ikkje gjort, og fyttifanken som eg kjørte bil i dag. SKAM!

Dessuten har det ømfindtelige sinnet mitt blitt ødelagt etter at eg såg det mye omtalte Rune Rudberg-bildet...

15.2.07

Sikkerhetskurs på bane

Dagen eg så lenge har venta på, nemleg Dagen eg skulle vera Frisk, gjorde det ganske tidleg klart at han ville bli huska som Dagen eg var Trøtt (og det passa innmari dårlig) (tok du Meat Loaf-konnotasjonen?). Rundt klokko tre i natt tenkte eg med meg sjølv, etter å ha tenkt mykje kurant og likandes, men og sikkert ganske mykje stygt og ugudelig, at sjøl om eg ser på søvn som ein heilt nødvendig del av tilværa, kan det jo godt væra at søvnen ikkje ser sånn på meg. Eg bestemte meg for ikkje å tenka meir på søvnen, han komme jo aldri når eg trenge han uansett. Men eg savna å vere utkvilt klokko åtta i dag morges, då eg vart informert om at den 6 timars lange kursdagen skulle bli 8 timar lang, og at me dessuten skulle øva på forbikøyring i tillegg.

I dag hadde vi nemlig sikkerhetskurs på bane, tidlegare kjent som 'glattkøyring'. Det heiter sikkerhetskurs på bane fordi vi i tillegg til å spinna i oljo og skal læra oss å bitta fast ungar, syklar og plank i/oppå/bak bilen på ein forsvarleg måte.

No har eg sotte litt for lenge i ro og merkar at eg er ein sucker for søvn likavel. Rekorden min er ca. 4 timar søvn på 50 timar, men det var under ekstremforhold, og eg har ikkje noe behov for å setta ny pers i dag. What matter could it possibly serve anyway?

NATTEN!

13.2.07

æsj

Når du køyrer ordet 'æsj' i Google bildesøk er dette det fyrste treffet:




it makes me laugh

Oppdatering: når eg ser nøye på biletet ser det faktisk ut som om noen har photoshoppa inn eit fotografi på ansiktet til...fruentimmeret. Det gjør det egentlig litt mindre moro, men til gjengjeld inspirerande (det er fascinerande kor mykje moro du kan ha med litt halvhjarta redigering av dine vennar (og fiendar, obviously)!)

4.2.07

:D

Ved hjelp av hjelperen Vergil skal hun ha vunnet i tipping i 43 uker på rad (Isfolket 47:221).

Driv research på Margit Sandemo. Dœggern så mange kattar og bikkjer som er oppkalt etter personar i Isfolket.

let's get it on


Etter ei avslappande og oppfeitande helg i Odda er eg tilbake på Laksevåg og Damsgård, som er den minst laksete delen av denna bydelen. Dvs at på Damsgård er det eigentlig ganske biletskjønt, men det er det lett å glømma, siden det er omkransa av styggedom i form av industyribygg og såkalla usjarmerande arbeidarbustader. Og det er uansett på mørkesida av byen så noke Sandviken blir det aldri. Eg har det veldig fint her, men stemmer for å bombe puddefjordsbrua sønder og sammen. Det trur eg vil føre til ei positiv utvikling på Laxen. No er me for nœre byen, men dersom brua ikkje fantest, måtte me ha mora oss som best me kunne her me er. Det kunne ha ført til at ting slutta å bli nedlagt, og me fekk bibliotek og skjenestova tilbake. Det hadde og resultert i mange rådville studentar som i mangel av å komma seg på lesesalen til slutt kunne gjort noko radikalt og/eller nyskapande, slik at Laksevåg vart eit nytt intellektuelt senter for ein eller anna ny retning. Frode Grytten budde på hybel på Laksevåg og skreiv visst nok fyrste diktsamlinga si her, men eg veit ikkje om brua fanst då. Han har uansett sidan vorte klassifisert som ein bergensforfattar. Vist om atte eg sku ha skreve ei bok hadde eg presisert i minibiografien at eg bur på Laksevåg, ikkje for at det er så vanvittig hardcore og kult, men for at Laksevåg kunne ha bruk for fleire forfattarar. Eg TRUR Lars Ove Seljestad bur på Laksevåg, men eg er ikkje sikker.
Eg komme nok i alle fall ikkje te å skriva ei bok med det fyrste og når eg gjør det bur eg kanskje ikkje her lenger. Sjangsen er jo og stor for at ei eventuell utgjeving vil bringe ulykke over min dåverdande buplass.

Eg søkjer herved kjente og pittelitt-kjente mennske som bur på Laksevåg. Eg synst dei skal kartleggast!

PS: tittelen refererar til Barry White, han gjer ofte livet på puddefjorsbrua mykje meir groovy (om enn på ein ganske slesk måte).

28.1.07

Morgonstemning





Her komme endelig noen bilder fra Varanger. Alt skjer jo om morningen egentlig, det var bare lyst fra 9 til 12 ca. Tidssonemessig ligg vel aust-finnmark ganske langt frå sør-Norge, og burde vel fått ein time eller to plussa på sånn at ein slepp å stå opp så tidleg for å få ljos. (tidleg er før ti, når eg er i feriemodus)

Det første biletet er det eg ser når eg vaknar- eit vindauga med eit slags dommedagsliknande ljos utanfor (men akkurat her var dommedag på ein måte ikkje noko truande konsept).