27.3.07

lappen

!!!!!!

23.3.07

Kunst til overs

Vyrdne lesar, du huske sikkert at eg sutra over diverse avslag som eg hadde opparbeida meg i løpet av min kunstnariske løpebane, og eg framhaldt då ideen om å starta gruppa Kunst til Overs, for dei kunstnarane som ingen vil ha.
Eg har i mellomtida motteke eit par avslag til, denne gongen på eit medlemskap i UKS (som eg faktisk har klaga på i ettertid), ein utstillingssøknad i Akershus, og ein sommarjobb, men jobben var egentlig ikkje så kunstrelatert så det får væra. Dessutan har eg fått ein annan jobb, i Hardanger Folkeblad (wooo!).

Kulturrådet har enno ikkje klart å sjå på søknadane frå 1. desember, så der er det berre å venta. I tillegg har eg søkt etter peng frå Kvam Herad, av di eg skal ha utstilling der no snart, og gode gamle Hardingbanken. Eg er ikkje sikker på om desse søknadane alle gjev utslag på avslagstabellen, men det er godt mogleg. Ellers er det jo snart på tide å sysselsetja kultur-og idrettsavdelinga hos fylkeskommunen att.


Så eg tur eg skulle klare å fylle kvoten på ti avslag innan sommaren. Eg sa ti sant?


Oppdatering: Eg er blondare enn før, befinn meg i Odda og har oppkøyring på tirsdag. I helga skal eg ta bilder til detta prosjektet her.

15.3.07

APTEKA

I desse dagar skal me skriva eit essay om russisk symbolistisk lyrikk, med fokus på Aleksander Blok. Han og vennane hans var ein gjeng med hang til det romantiske, men som etter kvart vart veldig desillusjonerte og til slutt handla all diktinga om demonar og gater med apotek(!). Blok var nok litt verdsfjern, m.a. trudde han i fleire år at forloveden sin var inkarnasjonen av Sofia, det evige feminine, bindeleddet til guddommelig visdom. Han blei veldig sur når han fann ut at ho ikkje var det og var masse utro og skreiv sånne dikt med apotek i. Til slutt døydde han 40 år gammal av syfilis. Av alle dei russarane me har høyrt om til no, er det veldig få som blir gamle, med Tolstoj som unntaket eg kjem på.

Diktene er egentlig veldig fine, eg likar faktisk apotek-diktet veldig godt. Det handlar jo seff ikkje om eit apotek, men om alle moglege sjelelege pinsler og åndeleg desillusjonisme. Det er symboler og metaforar og metonymar og alt det der som eg ikkje er så stø på, men veldig glad i.

Ночь, улица, фонарь, аптека,
Бессмысленный и тусклый свет.
Живи еще хоть четверть века -
Все будет так. Исхода нет.

Умрешь - начнешь опять сначала
И повторится все, как встарь:
Ночь, ледяная рябь канала,
Аптека, улица, фонарь.

Og ei kunstnarisk oversetjing:

Dusk, a street, a light, a drugstore,
A world without sense, and dull.
A quarter-century yet to live for --
So it shall be. Without result.

You'll die -- resume from the beginning,
And, as before, it all repeats:
Dusk, the canal's icy ripples,
The drugstore, light, and city street.


Apotek i Russland er treffande symboler på trøstesløyse. Apoteket utgjer nemlig ei stor del av det russiske bybildet. Men det er kø. Russarane likar jo som kjend å stå i kø, men egentlig har dei slutta med det dei aller fleste stader. Apoteket held stand som møtestad for almenn irritasjon. Ikkje veit eg koffor alle russarane treng så mykje lekarstva (frå lækjarmiddel, no doubt), men det er kjedelig å stå i kø når du er sjuk. Og spesielt når alle foran deg i køen skal dikkedera. Når det blir din tur er det gjerne pererif (pause), dvs at apoteket stengjer i ein halvtime fordi dei som jobbar der skal ha lunsj. Så må du stå på gata og vere sjuk litt til. Heldigvis kan du jo gå til neste apotek nokre hundre meter nede i gata, men det er gjerne kø eller pererif der og. Så dersom det var slik i St Petersburg på tidleg 1900-tal, skjønar eg godt at Blok brukte apoteket som symbolet på vonløysa.

10.3.07

Flott med Sogn og Fjordane som framtidsfylke og greier, men dei burde kanskje ikkje presentera seg med bilete frå Hardanger?

http://www.traineesfj.no/

(det er på Lilletopp med utsikt ned mot Tyssedal)

9.3.07

numa numa

Denna veko har eg ete kaka kvar einaste dag og gått ute i offentleg rom med joggebukse the american way. I dag har eg endelig komt meg på både forelesning og trening. No har eg fått på meg skjørt og sminke og høyrt på russisk popmusikk og Dragostea din Tei litt for høgt, og skal ut og drikka øl med faget (dvs ein fem-seks stykker). :D


Ellers har eg komt til bok 18 i Sagaen om Isfolket. Eg merkar eg klarar ikkje heilt halde tempoet oppe.

Kickboxingartikkelen ligg her.

Eg håpar Jenny tilgjev at eg publiserar eit bilete av ho som kan skade hennar framtidige karriere, men eg blir i veldig godt humør av det (bildet altså...)!

5.3.07

me tek oss ein bildepost til


Aust-London: Ein installasjon som var del av ei utstilling med mange store, øydelagte og stygge ting, flimrande tv-skjermar og bilvrak. Tysk kunstnar, sjølvsagt.


Destiny house. Med unntak av fyrste etasje :)


Aust-London: Frå der eg budde i Hackney kunne ein sjå vanntårnet med ljosa frå City i bakgrunnen. Forresten, kan eg skrive vatntårnet? Det høyrest heilt feil ut!


Hundeveddeløp i Walthamstow, nordaust for London. Både Aftenposten og Dagbladet har hatt svære oppslag om denna plassen. Men eg veit ikkje om dei fekk med at Walthamstow er heimbygda til det uovertrufne boybandet EAST 17!!! Never Forget.


Detta bildet er så knall.

2.3.07

strålande jubel

tanna er vekke, og eg har det heilt fint! Det er nesten litt urovekkande når ein er meint å ha det innmari fælt, men utan nokon openber grunn unngår det. Eg føler meg nesten litt snytt for all vondten eg skulle ha, og all den synda det skulle vert på meg. Men om han no plutselig skulle kasta seg over meg, så kan han på ein sær måte kjenna seg velkommen.

Til glede for lesarane: her er eit bilde frå vindauga i huset vårt i Odda slik det såg ut på tirsdag.
(KITSCH ALERT!)



I morgon skal eg på kickboxingstevne. Det vert interessant og mest sannsynleg ikkje ubehageleg på nokon måte. Eg kjenner meg i allefall veldig herda i forhold til blodsprut ut av kjeften o.l.