23.6.08

Eit år med trykken

Pulten min i dag.


No har eg jobba i eit år som journalist i den frie og uavhengige presso.

11. juni i fjor begynte eg som sommarvikar i Hardanger Folkeblad i Odda. For første gang i mitt liv hadde eg ein jobb som ikkje ga meg mareritt om natta og angst om dagen, derfor tenkte eg at detta her kan eg jo fortsetta med. Så eg gjorde det. No jobbar eg i Finnmarken i Vadsø, og det ser ut til at eg skal vera her litt til.

Noen gangar er eg med på ting som er skikkelig kjekt, for eksempel ut i ein båt for å fanga kongekrabbar eller opp på eit fjell for å sjå på reinslakt. Andre gangar er det ikkje fullt så spennande, men mottoet er jo at alt er det du gjør det til. Ingen sak for liten, og ein kan aldri få for mange reportasjar om hestar, kattar, selar, begrepet "kven" eller babyar.

Og agurktida har så vidt begynt. :D

13.6.08

karasjok


Som mange av dåkke veit, har eg gått på samiskkurs i heile vinter. Det dåkke kanskje ikkje er klar over, er at eg har blitt vanvittig flink. Derfor har eg takka ja til å bli den nye hallo-dama til Oddasat i Karasjok. Eg har eg enno litt å ta igjen for å oppnå seriøs nyhetsanker-look, men det var jo berre fyrste dag på jobb.

11.6.08

Utdrikking

Nøgd, I presume: Jorunn på Alvøen.


Jorunn og Håvard skal jo gifta seg, så litt plutselig for ei stund sidan vart eg påmint om at vi må arrangera utdrikningslag. Og heldigvis fekk eg vera med på det. Forlovar Jorunn BE er ein dyktig oragnisator som klarte å samla dei fleste av vennane om ein dato i tida eg var i Bergen.

I staden for "gul kylling med laks i rompo selge kondomar på torgalmenningen"- varianten, gjekk vi for ein meir intellektuelt stimulerande siste reis for den vordande brura.
Detaljane finn du hos damo sjøl.

Bileta finst på fotoalbumet mitt.

9.6.08

Sydentur

Det var fint med 25 grader og sol, utepils, g&t all afternoon og tilløp til solbrent hud på skuldrene, bad i sjø og klatring i fjell.

Først av alt er Ida hovudperson. Ho er veldig liten og ikkje fullt så knubben som mora var når ho var liten, men rund og blid sånn som babyar skal vera. Ho auka med sikkert 40% i dei to vekena eg var der. Ego har fått rollen som "Tante Gøy", og det er akkurat så fint som det høyrest ut. Vi er veldig tøffe ilag.


På ein litt slitsom og bakfull (for min del, grunna utdrekking) søndag fekk det lille gullet offisielt navn, og alle slektningane hennas fekk god mat etterpå. Jippi!


Eg kom forresten heim til ei datamaskin som har latt nevrosene sine slå ut i full faenblom mens eg var vekke, så eg klarar ikkje lasta opp bilder til bloggen. *irritabel oppkastlyd ut over tastaturet*

6.6.08

Litt vel mye fri

Det er noe som skurrar. Sola skin, svetten renn, men eg plagast av følelsen å vera totalt unyttig. Som Glamour seier, "it's OK to not have The Greates Time EVER when on holidays". Det er bra, for eg har ikkje den greiaste tida nokonsinne akkurat no. Som vanlig etter mange dagar utan veldig klare retningslinjer blir eg litt fortvila kjenner eg. Når eg begynner å impuls-piercing er det på tide å ta seg til noko.
Har vært på konsert, kino, grilltur, bada, bestege Løvstakken, blitt solbrent og lagt på meg. Alt ein god ferie skal inneholda. Det har vært stas, men det begynner å bli nok.

No er det ganske tight program fram til eg dreg på søndag. Tirsdag er det påan igjen i fylkeshovudstaden med alle dei gleder det inneber. Tjobing.

bilder kjem.