22.7.09

Turings



Vi har ikkje tura mye her i Kårhamn, siden lørdagens litt grå og kalde utmarsj har vi holdt oss til nordlandsbåten for frisk luft og mosjon. At eg er dårlig å ro har eg no fått bekrefta frå endå fleire uavhengige kjelder, men det går jo som oftast rett veg, om ikkje alltid den raskaste.

Men i dag gjekk vi tur opp på Kårhamstinden, eller nuten, eller fjellet.



Det ser jo slett ikkje verst ut må eg si. Og der kjem hurtigruta og!

18.7.09

Det vetle huset

Ein fredag i juli eller kanskje slutten av juni såg vi ein veldig liten annonse for eit veldig lite hus i aviso. Tilfeldigvis satt vi på Finnmarken akkurat då, så då var det ikkje så langt å gå bort til huset, for det ligg bare noen hundre meter unna. Kanskje ikkje meir enn halvanna.

Det går jo an å se ka det er for noe, tenkte vi, og fant fram til rett nummer i gato, som var eit hus av rasen liten raud sjarmør plassert mellom to litt større av rasen toetasjers kvit.

Å se gikk veldig an, for selgaren var heima og vi fekk ein kræsj-tour rundt i det vetle huset. Som har 70 kvadratmeter, er bygd ein gang på slutten av 1800-tallet, og har tre vindauge ut mot havna. Foran huset går hovedvegen ("en fordervet innfartsåre", som noen ein gang presenterte Havnegata som), bak huset ligg ein pitte liten hage og eit lite anneks med platting for ekstremværsdagar (soldagar), samt plass nok for ein hagejockey.

Så vi tenkte oss veldig nøye om nar vi gjekk dei hundreogfemti metrane tilbake til Finnmarken og sa etter særs lite om og men JA.


Fast forward: I neste veka kan vi flytta inn i det vetle huset vårt.

Tenk at eg skal få bu i eit eige hus med utsikt, hage, anneks og ein liten veranda. Og på toppen av det heila, bu der sammen med den nydelig mannen (med katten) som eg likar så veldig godt. Så om noen lurer er det derfor eg er så glad.


(i klartekst: snart fæst i heavengate!)

Kos i Kårhamn




...og på grunn av at dataen er heil hemma blir det svært få bilder å flæsha.

Vi er altså på ferie i eit lite fiskevær på øya Seiland utanfor Hammerfest. I Kårhamn bur det rundt førti mennesker. Båten kjem ein gang om dagen, og då opnar butikken på kaia.

Det regnar og det bles.

16.7.09

skal du bli her no då?

Skal du bli her nu da, spør dei. Alle sammen spør om eg skal bli, om eg skal bli lenge, om eg trives, om eg bur her eller der.

No kan eg svara, tja, eg har no kjøpt eit hus. Har det fint.

Som åpenbart er rett svar.

Før svarte eg noe sånt som, tja, eg e no her no. Har det fint.

For det duger ikkje. Folk vil ha uforbehalden lovnad om at du skal løpa lina ut i Vadsø, før dei gidd å kasta vekk meira tid på deg. Av ein eller annan grunn er det unaturlig å flytta på seg her.
Men svaret mitt er jo det samme no som før. At eg e jo her no.

Det at eg har kjøpt noko som kostar litt peng og som sitte fast i bakken gir meg åpnebart litt meir pondus bak dei orda.

14.7.09

Vardøvær

Når øya ligg som perle opp på et teppe blått
Og lodda går i stime og torsken biter godt
Og hele byen dufte av slog og fesk og tang
Og sultne måsa kløyve lufta med sin hese sang
Da e det vardøvær, da e det vardøvær
For ingensteds på jorda biter torsken slik som her

Da e det vardøvær, da e det vardøvær
For ingensteds på jorda kan det blåse slik som her


Men ka med tåko??? To meters sikt over domen i dag.



Om tre dagar er eg her.

13.7.09

Tur i tåka


Snart skal vi ut og sykla, men se no på detta herre.


Pent men risky weather. Som tilværelsen ellers, og derfor ingen ting å frykta. Vi er både vanntette og i alle fall eg så fylt med kaka at eg ikkje vert blåst over ende.

8.7.09

Deilige dagen


To siffer på gradestokken og den lysande kulo på himmelen er tilbake med ny kraft etter langtidssjukeleie. Is i kantino. Sommarfuglar i magen. Redaksjonssekretæren syng lågmælt frå Landstads reviderte i ope kontrolandskap.

Dagen blir fin.

2.7.09

Høy kølle


Eller heiter det klubba?


Uansett, den her sporten/idretten/aktiviteten var ganske artig, men innmari vanskelig. Kald og. Ullundertøy i juli er not on.

Neste veka blir det bedre.