Kom inn, kom inn, min mann er på havet
No er eg i Sivilforsvaret i tre veker så akkurat kor min mann er veit eg ikkje, men eg trur ikkje han er på havet altså, men aleina heima med lille pusen. Eg hadde bare så lyst å skriva den tittelen, som angivelig er Lofoten-humor, mykje nytta på Galleri Galgebakken.
I dag er det 31.oktober og eg har tre ting å melda:
Gratulerer med dagen til besta som blir 85 år i dag! Ho les ikkje bloggen min men eg synst ho skal vera med.
Eg har gjennomført ein kvit måned. Null alkohol siden 1. otober, og egentlig ei veka eller to av september og.
Gresskar-lanterner(?) er skjært ut i anledning Allehelgensaften (er det sånn det skrives???), for aller første gang formitt vedkommande. Vi i leiren som ikkje drikk har no sånt å gjøra...
Mobilen min har klikka litt så ferske bilder av brannslokking, førstehjelp og 30 år gamle uniformar blir det lite av. Men siden eg lengtar heim, viser eg her husets siste innkjøpte kunstverk, laga av Søstrene Huru i Vadsø (kunstverket til høgre, symaskina er bare dekor på galleriet).
