26.10.09

Endelig litt snø!

Vakker utsikt frå mitt kontor: hengar med diverse, fin bil (egentlig to fine bilar, den blå er lik som eg hadde før), etanittnaboen og baksida av Statens hus (den tidlegare omtala profane makta).

I dag kom det snø. Og under snøen utanfor galleriet fant eg mellom anna masse ved. Fin og tidlegare tørr ved som noen, kanskje til og med eg, hadde glømt å bæra inn. Så no har eg bært ein god del ved, som eg fyrar ganske knallhardt med, mens eg gremmer meg litt over at eg har glømt nista i dag.


Her er forresten månedens slager på galleriet: reverefleks! På lørdag var det ei som kjøpte 12 stykker, det synst eg vitnar om ordentlig rev & refleks-entusiasme.


(du kan sjå fleire revar på heimesida vår)

9.10.09

Ti kvinnelege forfattarar

I gårsdagens Litterær salongLitteratursymposiet snakka Selma Lønning Aarø og Agnes Ravatn om at dei hadde utfordra den mannlege sjåføren sin på veg til Odda å nemne ti utanlandske kvinnelege forfattarar- i løpet av 30 sekund. Han klarte det ikkje. Dei to klarte det heller ikkje.

Klarer du?

6.10.09

Haust er heim

No skal eg ut på tur igjen. Til Odda! Denna helga samlar heile verden seg i Odda, og ein vil jo ikkje vera dårlegare enn resten, så Gudlabadne hiv seg på flyet i måro for å besøka familie og forfattarar.

I løpet av tre uker har det skjedd ekstremt mye jobbmessig, med festival, utstillingsåpning, konsert, gjøring av ting eg ikkje kan og neglebiting til blods. No er det over (men du kan enno se utstillingen).
Nesten alt løvet er vekke frå trea, frosten har kome og no er sommardekka pakka inn i bua. Vi treng meir ved. Vadsøværingane er klare for vinter, men eg tar med meg detta siste lille halmstrået av haust i Hardanger før eg går i hi og to strømpebukser, og finn fram filten for juleverksted.