8.11.12

JA, det svir å væra blakk

Ja, det svir litt å ikkje ha råd til å feire min eigen bursdag slik eg hadde ønskt. Det svir å måtta droppa TIFF. Det svir å takka nei. Det svir å knusa nok eit satans objektiv og ikkje ha råd å betala eigenandelen. For ja. Det ER vanskelig å leva av det. Og, JA! EG ER BLAKK!

Men hallo. Det er ikkje farlig å vere blakk!

Farlig, det er når ein er så nedsylta i møkkakvardag, så avsondra frå den vegen ein skulle, så lei seg for alt ein ikkje vågar, så redd for at ein kastar vekk livet, at ein ikkje eingang har lyst å feira nokon bursdag.

No gjer det eg må for å gjere det eg aller helst vil. For å få det til, må eg avstå fra nokre ting, eller gjere andre ting som ikkje er så innmari artige. Så lenge dei tar meg dit eg skal, er det riktig for meg. 

Kor eg skal? Eg trur eg er der. Innimellom.

Eple og ut.

11.6.12

Sentimental svett

Eg er i Bergen. Eg er på Laksevåg. Då eg budde i Bergen budde eg nesten akkurat her eg sit no. Eg var 23 år, ferdig utdanna, hadde rømt London og var tom for energi. Kjente eg meg gammal.

Eg budde i kollektiv på Laksevåg og husker kor svett eg ofte var. Fordi eg sprang, over brua, inni regnklærne, klam, sint, sliten, med Berkovs Nors-Russiske OG Russisk-Norske ordbok, eit kamera og ei matpakka i sekken. Det ga meg ikkje meir energi. Den eg hadde, brukte eg opp på å vera frustrert fordi eg ikkje fekk til det eg ville, eller å arbeida for fem frivillige studentgrupper og redaksjonar medan eg tenkte at eg burde gjort noko anna. I løpet av halvanna år fekk eg nokre gode venner og ein bachelorgrad til.

No er det fem år sidan eg drog frå Bergen, innom Odda, og til Vadsø. Eg rømte frå alt som gjorde meg svett. I Vadsø vert eg som regel ikkje svett når eg er utandørs.

No i Bergen, svettar eg igjen. Kjenner meg framleis gammal når eg går over brua. Sinnarynka mi er på plass og eg kjenner meg ferdig med tjueåra no. Og det er usannsynlig trist og godt. Eg ser ut på båtane som ligg der. Ein av dei heiter Nordkinn og eg tenker på heime i Finnmark. 


23.5.12

Lesa på senga

I dag våkna eg, utkvilt, hadde god tid, og så las eg på senga ein tjue minutt. Det er noko eg slutta med omtrent samtidig som eg slutta å vera barn. Men det er ganske stas. Eg les denne boka:


Er voldsomt begeistra, faktisk, mykje fordi denne dama har vekse opp i Wolverhampton. Samler på alt godt fra mitt studiested Wolvo. Men utgaven eg les er på norsk, "Kunsten å være kvinne" heiter den. Er god og eg er overbevist. Bortsett fra kapittelet om å ikkje få barn, der er ho ikkje så overbevisande, men ellers virkar boka veldig ærlig.



 Egentlig skal eg lesa denna, men har ikkje lest så veldig mye enno. Vil skyta heller enn å lesa. Vil partera heller enn å sjå plansjer. Teori er litt slitsomt for så praktiske ferdigheter.

22.2.12

Avslag i slag

No har avslagene begynt å rulla inn her. Avslag på utstillingsplass, midler, deltagelse i prosjekter, opphold i diverse kunstnarresidensar. Sånn der type greier.



Avslag er sjølvsagt noko drit. Akkurat som avvisningar i det verkelege livet. Du får for eksempel sjeldan nokon grunn for kvifor din kunst og du ikkje kan få vegg eller peng. Grunnen kan jo tenkast (i bitre stunder) å vera at eg ikkje har nokre gode venar i Oslo som sit i utvalg, nokon grad frå eit universitet dei har høyrt om, eller hatt utstillingar på stader dei har drukke seg fulle på gratis vernissasje-vin. Eller (i sjølvkritiske stunder) at det er sjølve ideane eller verka som ikkje holdt mål, satt opp mot alle dei andre håpefulle som sendte inn. Dette er vel ganske standard tankegang hos eit følsomt kunstnarsinn, i alle fall mitt.

På ein måte kjennes avslag litt som trashing. Men på ein annan måte ikkje: avslag gjør meg meir gira. Åja, du trur at det fislete avslaget der stoppar MEG??? Gidder eg, så går det, før eller seinare. Gir eg opp, går det aldri.

For eg har innsett ein ting: eg er lei av at det skal vera opp til andre å bestemma om eg skal laga kunst eller ikkje. At eg, og kanskje ganske mange andre i liknande situasjon, lar det vera opp til komitear og utvalg utan ansikt som seier JA eller NEI til våre forslag, truslar, bøner og smiger. Og vi finn oss i det!?

For, altså:
Kor mykje tid har eg brukt på å skriva søknadar i mitt liv?
Kva tjente eg på det?
Kor mykje hadde eg tjent, dersom eg jobba på REMA tilsvarande antal timar?
(og får ein ikkje rabatt på epler dersom ein jobbar der?)