27.9.08

tidlig nesten

Fint å stå opp før ni på ein lørdag. Høra på Kamikaze Barne-TV mens eg drikka kaffi og blir kvitt litt dårlig samvittighet. Skriva opppgaver før aller siste frist er ikkje mi greia. Men når fristen er så nær som no blir eg litt sjøsjuk av å tenka på det.


I mellomtida har eg vært i London. :)



Meir på flickr!

7.9.08

Slettnes

Slettnes, Gamvik, Gamvik kommune, Nordkynhalvøya sånn ca. litt øst for midten av Finnmark.

Forblåst plass med eit fyr på, og visstnok mange sjeldne fuglar. Inne i bygda bur det ca. 120 menneske. Tre stader har skjenkebevilling.

Vakkert og spektakulært, men definitivt for spesielt interesserte. Noko som kan bety at dei få som faktisk bur her er litt meir dedikerte til buplassen enn dei som bur i for eksempel Vadsø.

1.9.08

Hurra for meg


I dag har gudlabadne budd eit år i Vadsø, Finnmark, langt satans oppi jokkmokkolainen, (faktisk veldig langt nord og aust for Jokkmokk).

Men det første møtet mitt med Finnmark var denna her isbjørnen utanfor hotellet i Neiden, når eg var på besøk til Ingrid sommaren for to år sidan. Lite har endra seg sidan då. Eg har slutta å vera tjokk og hotellet har havarert grunna regnskapssnusk, men bjørnen og laksen står standhaftige.



Høst: maling, klarvær, bil, tur, nytt, rart, vakkert, dalen, oransje, ensomt, spennande, austertana, reingjerdet, sandemo, vardø, kofter, valg, krabbar, redken extreme cat spray, metallic alit biila,

Vinter: kræsj, vatn, snø, mørke, redd, ski, lysløypa, tannglede, lotteri, musikk, julelys, rustefjelbma, ull, nordlys, bryting, juleskinka, vekter, fiskes biila,

Vår: snø, gjørma, murmansk, kulde, ski, ensomt, finsk, sjuk, forelska, sprit, nuorgam, bålkos, påskeskinka, skuter

Sommar: kald, tåka, lys, rar, fort, forvirra, båtsfjord, mypmack, whiskey, midnattsol, kaldt+jævlig, alkohol, sykkel


Konklusjon: Det er veldig rart her oppe. Men du blir litt hekta på rart. Ping!