Ingerid rennt
Midt i all denna vektløftande vinteren kjem tanken om ein vår med joggesko.
I Berlin.
Vattenfall Berliner Halbmarathon.
Vi gler oss vi, Lars og meg (og kanskje noen fleire?).
sofa i Varanger
Midt i all denna vektløftande vinteren kjem tanken om ein vår med joggesko.
I Berlin.
Vattenfall Berliner Halbmarathon.
Vi gler oss vi, Lars og meg (og kanskje noen fleire?).
Sivilforsvaret tar på: i dag vakna eg med sår hals og etter kvert stigande feber som sendte meg fra førstehjelpskurset og tilbake til karantene på forlegninga. Her har eg sotte og kopt foran dataen mesteparten av dagen, avløst av å ligga litt i senga, samt to turar bortom matsalen. Matlysta forsvinn ikkje hos meg, uansett kor sjuk eg blir (i så fall kan du trygt erklæra meg død).
Men Norges Sterkaste Mann rekk eg ikkje å bli frisk til. Eg skulle ha ein trenartime på Kaliber gym utanfor Trondheim i dag nemlig. Og instruktøren skulle faktisk vera norges sterkaste mann, Richard Skog. Det visste eg ikkje når eg bestilte, men kom meir som ein slags bonus, muligens fordi timen blei flytta i siste liten fra forrige torsdag. Men altså: buhu. Ikkje noe styrkekjendismøte på meg.
Timen min blir antageligvis i morgon eller på onsdag, då utan denne kjempesterke mannen som instruktør, men med noen andre kjempesterke (dei aller fleste er kjempesterke i forhold til meg...) og eg gler meg til å få terpa inn teknikk på spesielt knebøy og markløft. Her er forresten siste knebøy-pers, 60 kilo. Som kanskje noen ser så har eg godt av å få øvd inn litt bedre teknikk. Egentlig skal eg gå mye lengre ned.
Nok ein gang lar eg meg styra av irrasjonaliteten inni meg. Eg sitter no aleina på ei forlegning på Sivilforsvarets leir utanfor Trondheim sentrum og er kjemperedd - for spøkelser! Så redd at eg ikkje vil gå og legga meg, men samtidig så trøtt at det er det einaste eg vil.