31.8.08

Status: lost

Bare sånn til opplysning: eg har mista telefonen min.

Faktisk har heile vesko mi forsvunne, i forbindelse med ein sein kveld på Kolibri i Vadsø. Akkurat så kjipt som det høres ut. Men å mista telefonen den her gangen kjenst litt verre enn alle dei andre mobiltelefonane eg har mista. For før hadde eg ingen kamerafunksjon og dermed heller ikkje eit lass av bilder som eg har store problemer med at noen (i detta tilfellet ein 'noen' som synst det er OK å ta andre sine vesker) skal se på. Eller ein innboks som har kapasitet til å lagra eit par tusen meldingar, som heller ikkje er meint for augene til kriminelle eselskjendarar.

Hell i uhell: bilnøklane stod i bilen og lommeboka låg i lommo. Håper disse herre 'noen' får glede av den russiske ansiktsskrubben min med andre ord. Eventuelt at dei får utslett av den.


Jada, eg eg er paranoid. Og snart litt flau, når det kjem nokon med vesko og seier dei tok feil i fylla.

27.8.08

På journalisteringskurs i plankebyen

I dag har vi samla verb langs elva i gamlebyen i Fredrikstad. Eg er fornøgd med 'navigera' og 'frisera'. Dei andre dagane har det vært sol så då har det vore fint nesten uansett. Men desserten var best i kveld, nesten sånn at ein må forsyna seg to gangar, men det gjør ein jo ikkje med dessert.


Over 15 grader. Sør-Norge har noe for seg altså.

24.8.08

Hyttekos i Hamningberg




Med bålkos, så klart!


18.8.08

Jakobselvdalen (vestre sida)


Vi har vært på tur opp Jakobselvdalen, som hadde mye mygg, mye vier og uendelige massar med gjørma. Men det var fint der og. Også ei bu som var brote opp. Inni var det gardiner av det slaget eg likar.

Dei er ikkje flinka å rydda stien, eller bestemma seg for kor den skal gå, dei som brukar denna dalen. Så det meste av farbar sti endte i virrvarr og gjørma.

Eg har gitt dalen terningkast to, men elva skal visstnok ha fira meiner fiskaren. (Men om du ikkje er ein fisk må du faktisk gå opp dalen på land altså og det var ingen spøk.)

Men eg har opplevd autentisk bålkos (finnmarksfenomen: alt som foregår utendørs og skal vera trivelig forutset at det brenn) og har vondt i alle dei rette musklane, så eg er egentlig veldig fornøyd. No vil eg brenna meira bål! Eit bål i veko til snøen kjem er vel ei bra målsetjing?

11.8.08

hardangerbryllup


3.8.08

komma heim med framande ting på håvet



Det er kjekt det. Inni står det at den kostar fira dollars.

:D

2.8.08

fiskekaker i fest






Min fyrste tur til Båtsfjord, i anledning kappeting av fiskekaker på Båtsfjord i fest.