Det vetle året på toppen av Vangen
Så innmari forelska. Så botnalaust fortvila. Så inni granskauen forfylla. Og så utruleg mykje neglelakk. Slik har det vetle året mitt på Voss vore.
I ein penthouse, i eit avishus.
Å ramla pladask er alltid risikabelt. Og det er aldri kjekt når det ikkje går. Men denne gongen er det i alle fall ikkje fordi eg ikkje har prøvd.
For omtrent to år sidan slutta eg å bita neglar. Noko av det beste eg har gjort her i livet. Fine, lange negler med neglelakk på gjer noko med sjølvkjensla. Og når eg fotograferer nokon, har dei noko fint å sjå på, i staden for nedbitte, skitne stumpar.
Når eg sit her og gremmes litt over kva for eit emosjonelt katastrofeområde livet mitt har vorte, er det fint å kunne konstatera at neglene er fine, lange og for dagen grønne. Og at eg har skikkelig lyst å lakka dei rosa. Berre at eg rekk ikkje det, for eg skal ut og drikka øl i sommarvarmen. Og det er nokon som ventar på meg.

![]() |
| Heima hos Penthouse playgirls. |