JA, det svir å væra blakk
Ja, det svir litt å ikkje ha råd til å feire min eigen bursdag slik eg hadde ønskt. Det svir å måtta droppa TIFF. Det svir å takka nei. Det svir å knusa nok eit satans objektiv og ikkje ha råd å betala eigenandelen. For ja. Det ER vanskelig å leva av det. Og, JA! EG ER BLAKK!
Men hallo. Det er ikkje farlig å vere blakk!
Farlig, det er når ein er så nedsylta i møkkakvardag, så avsondra frå den vegen ein skulle, så lei seg for alt ein ikkje vågar, så redd for at ein kastar vekk livet, at ein ikkje eingang har lyst å feira nokon bursdag.
No gjer det eg må for å gjere det eg aller helst vil. For å få det til, må eg avstå fra nokre ting, eller gjere andre ting som ikkje er så innmari artige. Så lenge dei tar meg dit eg skal, er det riktig for meg.
Kor eg skal? Eg trur eg er der. Innimellom.

