30.3.10

Death by Marmite



Eg blei glad då eg fekk denna pakken i posten.


Først: TUSEN TAKK HILDE!


Så: Marmite er Englands nasjonalpålegg. Marmite består for det meste av gjærekstrakt, som er eit slags avfallsstoff (eller overskuddsstoff) som blir igjen etter ølbrygginga. Litt sånn som det ein lager brunost av kanskje (og ka heiter det no igjen)? Marmite er meint til å bruka som pålegg og buljong. Smaken er så intens at du må vera litt forsiktig i starten. Definitivt ein såkalt acquired taste....

Første gangen eg smakte marmite var høgst ufrivillig, som ein innsneke ingrediens på ein eller annan ferdiglagd trekantsandwich eg kjøpte meg ein gong der i midlands. Å fytti katta det smakte grusomt, og gjett om det havna i søpla (eller do). I etterkant har eg tenkt at eg må ha mislikt smaken fordi eg ikkje ante ka det var. Å eta noe du ikkje aner kva er, er i beste fall litt ubehagelig og skremmande. Spesielt når det smaker MARMITE av det!! For Marmite smaker veldig sterkt av...eeehhh...Marmite. Som eg best kan besktiva som ein konsentrert smak. Med salt.

Marmite vart produsert på ein eller annan ye olde plass med eit bryggeri i England frå starten av 1900-tallet. Pålegget kjem på små fancy glass med skrikande gul etikett som har vore ganske uendra siden starten.

Marmite har både sine tilhengarar og innbitte motstandarar. Har du Marmite på kjøkkenbenken får du enten ein ÆSJ eller ein NAM-reaksjon frå besøket, spesielt når du er utlending, då dine britiske gjester vil enten A) rosa deg opp i skyene for bra stil og anbefala deg den store Marmite-kokeboka, eller B) befri deg frå styggedommen før det er for seint.På dei aller fleste britiske internettfora vert det før eller seinare oppretta ein eller fleire marmite-trådar der desse to gruppene kranglar. Og før eller seinare kjem ein og påstår at dei kjenner nokon som har døydd som følge av Marmite-inntak.


Nam seier no eg. My mate Marmite.


Meira marmite her.

14.3.10

Pust ut

Fem dagar som veiledar på ungdomsskulen under årets Skapende Uke. Fotokurs. Fotosafari i Kiberg. Trening trening og trening. Det har skjedd denna veko. Det som ikkje har skjedd, er at eg lage mat til kjæresten min, gjør noe som helst av husarbeid (utover å skru av kaffitraktaren), måke snø, er på min vanlige jobb, svarer på e-postar eller holder styr på noko som helst. Altså:kaos. Derfor pustar eg ut i dag og lader opp til i måro, då eg skal starta ei veka med Sakte, Sikkert og Strukturert arbeid.

Tøffe Lars har denna veko vert i Alta og lest på Litteraturfestival. Han kom heim med sjokolade,kaffi og ei bok som heiter Hushjelpen av Kathryn Stockett.

I dag skal eg derfor lesa bok, slækka på min sunne livsstil ved hjelp av sjokolade, kosetrena litt og klemma på kjæresten og katten. Kobling

6.3.10

Næring på bøtta? Nei takk!


Alle som har vore innom Kinsarvik frukt og grønt i Bergen, diverse kostholdsbutikkar, eit litt oppjazza treningssenter, eller dei aller aller fleste internettsider som handlar om styrketrening, har sett gudekropp på bøtta. Det vil si proteinpulver. Mammoth, mutant mass, weight gainer, muscle juice. DEILIGE reklamar for diverse preparater som skal gjøra deg til ein gresk gud. Hovedsakelig promotert av glinsande, nøttebrune, radmagre mennesker som det ser ut som nokon har blåst full av luft.

Eg har full forståelse for at folk vil bygga musklar. Eg synst musklar er fint. Og eg er hellig overbevist om at mange fleire har godt av å trena meir styrketrening enn dei gjer. Spesielt jenter. Og spesielt sånne jenter som meg, ikkje direkte sporty typar som heile livet har slete med ekstra kilo og fått beskjed om at det einaste som hjelper er å jogga og eta gulrøtter, vi har har veldig godt av å trena styrketrening. Og vi har godt av masse proteiner!

Protein finst heilt naturlig i eit lass av matvarer. Ganske greie matvarer og. Kjøtt, egg, mjølkeprodukter, brødmat og bønner...I dei siste vekene har eg surfa ein del på nettsteder for styrketrening og lignande. Det ser ut til at det er ein kultur for at folk som trener styrke treng å trø innpå med ulike monster mass-byggande pulver frå bøtta. Ein skal vel ha ca. 1,5 gramprotein per kroppskilo når ein trenar styrke (meir om ein trenere heftig styrke). Men hallo. Å få i seg 100 gram protein per dag er ikkje vanskelig. Det er ikkje komplisert. Det er ikkje noko som krev at du et ekle ting, unormale ting eller dyre ting. Og det krev i alle fall ikkje mammutpulver. Det krev at du gidd å eta ordentlig. Og hvis du er interessert i at kroppen din har det bra så gjør du jo det.

Selvfølgelig gjør det meg fint lite at folk bruker proteinpulver. Og for dei som kjører knallhardt, eller som konkurrerer i sånne muskelting eg har liten peiling på, har det sikkert noe for seg. Men eg blir litt sprø av å bli presentert for proteinpulver, shakar og barar som ein essensiell del av kostholdet bare fordi eg prøver prøver prøver å bli sterk nok til å ta ein einaste liten fåkkings armheving uten å detta saman som eit håndkle.


Hytteost e mye bedre enn pulver! Proteiner, kalsium og kos.