21.1.09

Fairy story



15.1.09

Bytta litt

Eg har bytta jobb, men bare litt. I stedet for å væra vanlig journalist er eg nettvert på Mitt Finnmark og nettsjæf på Finnmarken. Der skal eg vera litt meir operatør og litt mindre journalist framøve. Hittil har eg mest tøysa, men vi skal og begynna å tulla.


DRITKALDT, Tana bru

Bortsett fra det har bilen stoppa, men starta igjen etter et etterlengta påfyll batterisyra.

Leppene mine er veldig tørre og sprukne etter ein tur til innlandsklima (30 minus i Nuorgam)

Ein sokk strikka, two to go. Einbeint klumpfot? Då har eg eit plagg til deg.

9.1.09

Ventar på sola


...snart kjem den opp bakom der!

7.1.09

Proffisar

- Det er krig i Gaza, liksom. Personlig synes jeg det er litt ufint i forhold til at dette er 13-14-åringer som blir brettet ut på denne måten. Men det får vi bare akseptere, sier Vanebo.


Stein Vanebo i plateselskapet MBN synst aviso Dagbladet er skikkelig slem som utsetter BlackSheeps for medieomtale som ikkje er av typen Å SÅ SØTE OG FLINKE OG KULE DE ER OG FRA LANGT OPPI DER TIL OG MED, men som skriv at ungdommen synst det er dumt at dei ikkje får spilla inn sangen sin sjøl på plato dei skal gje ut. Men Vanebo er heldigvis proff, og aksepterar. Akkurat samme proffnivå forventar han at ungdomsskuleelevane skal ha. Dei må jo forstå og akseptera koffor dei ikkje duger til å spilla inn sitt eige materiale. Men så er dei plutselig barn igjen, hjelpeslause offer for grusomme kyniske media.

Rar mann.

6.1.09

SNØ



2.1.09

Heimajula

Etter ei lita juleveka i jomfruburet heima på Vasstun i Odda, med babylatter/vræl, foreldremas, besteforeldremas og toys that make the noise var det litt tomt her oppe i Bietilæveien. Her er bilder fra moroa.


Tre generasjonar på veg for å henta juletreet (norsk gran type grønn uten edle egenskaper). Signe, Ida og pappa. Signe er storesøstra mi, og Ida er tantungen min. Ho er 11 månadar og meir enn ditto kilo. Ordentlig jordalsjenta med andre ord.



To versjonar av Ida poserar . Ungen har lært seg at når blitzen blinkar skal sjarmen på for fullt. Egentlig litt skremmande.

Det er jo mulig at det går an å ikkje la seg sjarmera av sånt, men eg har til gode å møta noen...

Pappa med Ida i meis, med Rosnos i bakgrunnen som seg hør og bør.


31.12.08

Ka slags idiotisk sjølvkritisk søppel skal eg skamma meg over i år?

Når det er nyttårsaften skal vi skamma oss og lova å slutta å gjør ting som vi trur vi ikkje bør gjøra. Eller som andre har fortalt oss at vi ikkje bør gjøra. Nyttårsforsetter, ja. Så gjør vi akkurat det masse den siste kvelden vi har lov sånn at vi virkelig skal nyta den friheten vi er i ferd med å gje slipp på, og våknar oppblåste, bakfulle og innrøykte 1. nyttårsdag. Eller nedtygd, oppskjært, uthola, neddopa, alt ettersom ka som er di greia.

Men. Hvis eg verkeleg skammar meg over noe eg driver med, så er det kanskje grunnen til at eg driver med det. Eller: hvis eg sluttar å skamma meg over det, blir det kanskje ikkje så spennandes lenger.

Se det. For kanskje to år siden slutta eg å slanka meg. Eg har slanka meg siden eg gjekk i 4. klasse til eg vart 24 år gammal. Det er 14 år med slanking det. Eg trur eg gikk opp om lag 30 kilo av å slanka meg. Eg har aldri vært sånn bælfeit men definitivt litt meir enn ka eg var komfortabel med (når eg var 14 år var 52 kilo for mye, når eg var 20 var målet å forbli under 90). Kver einaste mandag begynte eg å slanka meg og noen gangar holdt eg alle løftene til meg sjøl i to timar, andre gangar i to veker, to månadar. Ikkje eta, ikkje eta det, ikkje meir, ikkje drikka det og det, bare det, ikkje det, for det er feitande og alle ser ka for ein feit gris du er og tenker det er jo ikkje rart at ho der er feit sånn som ho et så ikkje et det. I alle fall ikkje når noen ser på. For å eta er stygt og herlig skammelig for feite folk. Litt redselskabinett, skikkelig frydefulle grøss. Æsj som eg eter liksom. Stapp stapp. Kor meir eg prøvde å slutta å eta 4 brødskiver til kvelds kor vanskeligare blei det å la vær, så eg spiste 6, 8, 12 i stedet. Til slutt var det bare å kasta opp som holdt meg fra å bli tresifra. Viljestyrke?

Men eg trur ikkje det handlar om viljestyrke. For så lenge du veit at du ikkje skal, så vil du. Uansett ka eg trudde sjøl så gjorde eg faktisk det eg ville. Eg handla jo ikkje mot min vilje, sånn som eg har blitt lært opp til å tru at svake kvinner gjør når dei fell for fristelsar.

I eit smådesperat øyeblikk fekk eg faktisk tak i ei sjølhjelpsbok, skreve av ein person det ikkje var bilde av og som ikkje var doktor fancypants. Det som satt fast etterpå var: la vær å tenka at noe er bra og noe er dårlig. Sosial utfrysing, skam, dårlig samvittighet, samlivsbrot og angst finst ikkje i chips. Eller i kakestykke nummer fem. Alt alt alt var JA-MAT. Du kan eta nett ka du vil, og du skal fortsetta med det resten av livet. Sånn forsto i alle fall eg grunntonen i den boka. Hiv innpå liksom.

Så eg begynte å hiva innpå og slutta å slanka meg. Prøvde å tenka at maten ikkje er ein fiende. Sakte men sikkert blei den litt mindre truande, samtidig som den blei mindre spennande, forførande og forlokkande. Det var jo det eg skulle eta. Sakte men sikkert slutta eg å eta så mye at eg måtte kasta opp. Etter noen månadar var ikkje tanken på sukkeroverdose når eg kom heim alt som fekk meg gjennom dagen. Magen var ikkje lenger støl etter å ha blitt fylt til bristepunktet. Eg sov om natta. Grein av ting utanfor meg sjøl. Åt når eg var sulten.

No er det rart å tenka på kossen ting var før. At mat kan ta all plass i håvet ditt.

Om du treng oppskrift på kossen ein slutter å skamma seg, har eg ikkje det. Men for meg var det i alle fall viktig å innse at det var skam som var problemet. Ikkje svak vilje.

Derfor synst eg nyttårsforsetter er noe skikkelig piss. Akkurat so ideen om Nei-mat.

Derfor har vi avstemning på finnmarken.no om nyttårsforsetter, der et av alternativene er "Jeg er allerede perfekt!"

Godt nyttår!

29.12.08

dritings dama i drakt


Aka vårens vakreste eventyr. No blir det 17. mai-feiring i ny bunad veit eg!

Dei som tenker at bringkluten ikkje passar til vesten, har så rett. Min er nemlig mykje finare. Forkle skal eg og ha på meg når det vert fest.

19.12.08

Jul Odda style

Odda kommune helsar sine kontaktar med eit ekstra fjongt julekort i år. Snøen er vekke, medan reinsdyra er bytta ut med ein bråte hestekrefter, og plassert på Trolltunga. Dette utradisjonelle julekortet vekker oppsikt og glede blant Oddas innbyggjarar.
- Ingen kan sei at det ikkje er svung over Ringedalen, sier ein kommunalt ansatt i kommentar til Gudlabadne.

14.12.08

måne