posisjonering
Bloggen er med dette opna. Dette skal vere mitt personlege galleri og leikestove. Dei som er greie kan få vera med og leika.
Me startar med eit bilete frå Odda, der eg kjem frå og dit eg i dag skal reise med bussen frå Bergen. Bilete har eg teke i vinter med Hasselbladen min frå 1968, som eg kjøpte i Praha for om lag fire år sidan då eg var på interrail. Uansett, biletet viser krysset utanfor biblioteket, med Eidesnuten (med sol) og Jordalsnuten (utan sol) bak og opp. Eg har vore på heimahjelpbesøk i i alle fall dei to framste blokkene.


2 comments:
Hepp-hei, og gratulera med skinande blank og ny blog! Den såg veldig ryddig og fin ut :-)
takk! desverre verkar den ikkje- dette er det einaste innleggjet som kjem fram, dei andre går lukt til arkivet.
Post a Comment