Heima! Odda!
Her er det ofte litt kjedelig. Ingen av vennane mine har komt heim enno, og ho einaste som er her er så seriøs at ho jobbar og sånn, så då vert det mest heimatråkking. Eg har vore flink og hjulpe mamma med alt mulig husarbeidtull, og bert litt juletre og veldig masse ved. Broren min som arbeidar på Zinken (Boliden) hadde fått ein skritteljar til jul fra bedriften. Det betyr at eg har fått ein skritteljar. Det har mamma og pappa og fått men på deirans står det Odda Kommune.
Slik såg det ut frå vindauga mitt for to år sidan. Det er ganske likt no, berre at det er eit skur nere med julatreutsalet, og at det ikkje er snø.
Utsikt mot vasstun få andre sido av Sandvinsvatnet. Huset vårt ligg ca. rett ovanfor benken.
I tillegg har eg omtrent skrive budsjettet mitt for 2006, og eg har faktisk hatt ein viss gjennomstrømming av peng. Men selvfølgelig er det stor forskjell på kunstpeng og fotopeng, og likningskontoret skal ha to forskjellige skjema. Endå ein grunn til å bestemma meg for å gjera ein ting, og ikkje tusen.
Eg har veldig veldig lyst på scanner og ein dugeleg skrivar. Helst vil eg jo ha fargemørkerom. Men det er jo ganske umulig.
I mellomtida skriv eg søknadar i hytt og pine, om å få peng, om å få peng til andre, om å få utstillingsplass, om å få medlemsskap, om å få husvære. Så trist at ein ikkje berre kan fiksa desse tinga sjøl. Kven vil vera med i MIN kunstnarorganisasjon? Eg skal jo starte atelier og galleri i Odda, så då kan medlemmene få gratis kaffi når dei er på gjennomreise. Dvs. dei får tilgang til eit levande miljø og kunstnarisk forum. Eg tenker organisasjonen kan heite Kunst til overs, og vere open for alle som har fått avslag på minst ti søknadar om medlemsskap, stønad og utstillingsplass. Avslag av svært lokal karakter vil ikkje verte vurdert.
Eg er litt usikker på kor mange avslag eg har fått. Eg hugsar at det var ein god del i England, men har dokumentert berre to. I Norge hugsar eg spesielt jævlane på Hordaland Kunstsenter, pluss ekle Bergen kommune. Ellers har du den gamle travaren Kulturrådet, som eg no har søkt om avslag for andre gong (men ikkje fått svar enno). Vestlandsutstillinga er svært affilert med Hordaland Kunstsenter, så eit nei var vel ganske forventa. Eg kan i skrivande stund hugsa 6 avslag som var verkeleg sure. Det vil seie at eg må skaffe meg nokre til!
Så, sett i gang og send inn vanvittig dårlege idear (du er nok allereie godt i gang tenkjer eg) til Haustutstillinga, Kulturrådet, Statens kunstnarstipend, whatever, så kan de snart få vere med i Kunst til overs!!! (oppstart rundt mars- følg med her eller heimesida kva som skjer!)
19.12.06
Subscribe to:
Post Comments (Atom)

4 comments:
Kan eg få vera med i Kunst til overs som medlem nr. #002? (Rekner med #001 er til deg). Eg har no minst ti avslag til no...eg tek til og med vare på avslagsbreva etter oppfordring frå deg.
Eg og har nok ein 10-20 avslag, men dei må verkeleg svi for at dei skal telje! Avslag frå Granvin Kommune om 250 kr refundert gjelds ikkje!
Lag ei lista og send den til underteikna, så skal eg vurdere din søknad. Send gjerne med eit par ord om deg sjølv, og kvifor du meiner at du er verdig dette medlemsskapet.
Tel det å ikkje koma inn på skular? Og avslag på stipend? Og får musikarar vera med? I så fall trur eg at eg kvalifiserar til medlem nr 3.
Jada. Alle med snyltaryrke (kreative yrker) får vera med!
For ordens skuld: Det gjeld musikarar, forfattarar, regissørar, skodespelarar, dansarar, kunstnarara av alle slag. Kanskje ikkje make-up artistar.
Jepp, avslag på studieplass tel!
Post a Comment