4.2.07

let's get it on


Etter ei avslappande og oppfeitande helg i Odda er eg tilbake på Laksevåg og Damsgård, som er den minst laksete delen av denna bydelen. Dvs at på Damsgård er det eigentlig ganske biletskjønt, men det er det lett å glømma, siden det er omkransa av styggedom i form av industyribygg og såkalla usjarmerande arbeidarbustader. Og det er uansett på mørkesida av byen så noke Sandviken blir det aldri. Eg har det veldig fint her, men stemmer for å bombe puddefjordsbrua sønder og sammen. Det trur eg vil føre til ei positiv utvikling på Laxen. No er me for nœre byen, men dersom brua ikkje fantest, måtte me ha mora oss som best me kunne her me er. Det kunne ha ført til at ting slutta å bli nedlagt, og me fekk bibliotek og skjenestova tilbake. Det hadde og resultert i mange rådville studentar som i mangel av å komma seg på lesesalen til slutt kunne gjort noko radikalt og/eller nyskapande, slik at Laksevåg vart eit nytt intellektuelt senter for ein eller anna ny retning. Frode Grytten budde på hybel på Laksevåg og skreiv visst nok fyrste diktsamlinga si her, men eg veit ikkje om brua fanst då. Han har uansett sidan vorte klassifisert som ein bergensforfattar. Vist om atte eg sku ha skreve ei bok hadde eg presisert i minibiografien at eg bur på Laksevåg, ikkje for at det er så vanvittig hardcore og kult, men for at Laksevåg kunne ha bruk for fleire forfattarar. Eg TRUR Lars Ove Seljestad bur på Laksevåg, men eg er ikkje sikker.
Eg komme nok i alle fall ikkje te å skriva ei bok med det fyrste og når eg gjør det bur eg kanskje ikkje her lenger. Sjangsen er jo og stor for at ei eventuell utgjeving vil bringe ulykke over min dåverdande buplass.

Eg søkjer herved kjente og pittelitt-kjente mennske som bur på Laksevåg. Eg synst dei skal kartleggast!

PS: tittelen refererar til Barry White, han gjer ofte livet på puddefjorsbrua mykje meir groovy (om enn på ein ganske slesk måte).

No comments: