3.6.07

Det er slutt med festspel for mitt vedkommande, men det betyr ikkje nødvendigvis at fest og moro vert erstatta med lesing til eksamen. På onsdag flyttar eg heim til Odda, og eg veit ærleg tala ikkje om eg kjem attende til Bergen med det fyrste. Det er lenge sidan eg ikkje hadde ein konkret plan med livet mitt, men det er ganske befriande, avslappande og stressande på same tid. Har ikkje begynt å rydda, pakka eller forbereda meg på nokon som helst måte til avreise, men eg og Liv Eirill i Odda har planlagt at det skal i alle fall bli ein fest i løpet av sommaren. Så, om du som les dette befinn deg i Odda kan du jo følgja med utover juni, så skal du sjå du vert invitert!

Totalt utan samanheng, her er gruppo люди из прошлого frå St. Petersburg. :D Dei er tvillingar, og syng oppbyggjelege songar om korleis den russiske jords folk skal seie nei til narkotika og alkohol (sånn ca.).

2 comments:

Hemoxp said...

Eg trur kanskje ein del russarar bør starta å sei nei til trakasering av homofile, invandrarar og samfunnsavvikarar (utan at eg meiner desse tre eksempla har noko til felles, eller ..med kvarandre å gjer). Grmph!

Ja-nei.. kom heim til trygge Odda du, så blir det nok fest og gode dagar, skal du sjå :-)

Ingerid said...

Hihi.

Ja Russland er ikkje vidsyntheita sjølv, akkurat...Dei kan jo og sei nei til systematisk avliving av journalistar.