4.9.07

toyota, varme jordfargar, kalde fingrar


Utsikt frå Finnmarken-kontorene i dag ettermiddag (min utsikt er motsatt vei, ut på hovudvegen og eit par røykande polakkar som bygger mur).

Livet i nord utan bil har vist seg å vere ineffektivt. Motorisert ferdsel er alfa og omega, spesielt når eg har tatt ein leilighet som ligg 35 min gange frå sentrum, der den er umøblert og eg ganske rundskuldra. Eg har bokstavelig talt hatt ein mjuk start med innkjøp av ei sofapute. I måro blir det to lamper, og dessuten er det den store dagen då senga kjem, og om maktene vil, flyttelasset mitt.
Stovo er dekorert med ein blåfarge eg ikkje kan leva med, så den skal bli til noe anna. Fargekart er ikkje mi sterke side, og eg pleier å kunne mistru mine eigne avgjerder i sånne litt større saker. Men i fargeheftet står det at ein skal tenke årstider når ein maler, og at det som verker lyst no kan bli dystert når vinteren kjem. Evt. det som er friskt og klart kan bli kaldt og uvennlig. Derfor tenker eg at varme, men veldig lyse, jordfargar er vegen å gå. Det har allerede blitt kaldt forresten, og etter middag er det kaldt å gå ut uten vottar. Det skal eg no, eg skal enten kjøpa tannkrem eller gå på kino og sjå ein japansk teiknefilm. Må bestemme meg relativt fort.

Denna kan kanskje hjelpa meg på veg:
http://pal.finn.no/pal/harila/car/object?finnkode=10635501&sid=xz13abcfBIcu044004

3 comments:

Anonymous said...

Mal stova kvit, med eit islett av ein varm farge, ala det eg har(fersken eller noko sånt piss*).

*kan ikkje ta sjansen på å bli for metroseksuell her... :P

-Trond

Ingerid said...

Stova vert Kaffe Latte. Veldig nøgd med det!

Anonymous said...

Kaffe Latte er vist inn, for tida.
Eg fekk hjelp til å mala mi eiga stove, og sjølv om Catrine (til Idol-Helge) meinte eggeskall var rett, så blei det vist Kaffe Latte der også, gitt (det var foresten ikkje eg som valgte farge).