om kjolar og skjørt
Mari og Jokke blei gift, eg og Ragnhild sutra, og eg har funne ut at eg kler hårbånd. No ser eg på Dei Offisielle Brudebileta, men publiserar ingenting før brura har sagt sitt.
Eg er atter henvist til buksetilvera, etter å ha tilbrakt tre flotte dagar i kjole. OK, den siste av dei tre var ikkje så flott, men det hadde meir med sjampis, vin, øl, rusbrus, whiskey, konjakk og meir øl (i den rekkefølgen) dagen før å gjør enn med bekledninga.
Bare dumt at det er så mye kjekkare å gå i skjørt og kjole, enn dumme fleskete bukser. Men kjole i stiv kuling er uflatterande og avslørande, og ikkje minst kaldt. Når eg blir stor skal eg få meg ein ekte kontorrotte-jobb som er så forutsigbar at eg kunne spydd men som gjer at eg kan kle meg etter inneklima. No sitte eg på ræva heile dagen men må vere kledd for å KANSKJE skulla ut på forblåste vidder.
Klarer ikkje lenger å lesa noe anna enn hjernedaue bøker, eller relativt hjernedaue i alle fall. Nestemann som må leggas i 'kanskje snart'-bunken er Iain Sinclair. Margit Sandemo I'm all yours...yet again.

4 comments:
Les His Dark Materials då! Dei er bra.
Sutret du liksom, vi bare konstaterte fakta! Eller ok, vi sutret litt da... Gleder meg til aa se bildene!
Har arbeidsgjevaren din ei nettadressa?
(kanskje vi ser dine artiklar og bilete der?)
Aviso mi står til høgre saman med resten av lenkegjengen!
Post a Comment