Status: lost
Bare sånn til opplysning: eg har mista telefonen min.
Faktisk har heile vesko mi forsvunne, i forbindelse med ein sein kveld på Kolibri i Vadsø. Akkurat så kjipt som det høres ut. Men å mista telefonen den her gangen kjenst litt verre enn alle dei andre mobiltelefonane eg har mista. For før hadde eg ingen kamerafunksjon og dermed heller ikkje eit lass av bilder som eg har store problemer med at noen (i detta tilfellet ein 'noen' som synst det er OK å ta andre sine vesker) skal se på. Eller ein innboks som har kapasitet til å lagra eit par tusen meldingar, som heller ikkje er meint for augene til kriminelle eselskjendarar.
Hell i uhell: bilnøklane stod i bilen og lommeboka låg i lommo. Håper disse herre 'noen' får glede av den russiske ansiktsskrubben min med andre ord. Eventuelt at dei får utslett av den.
Jada, eg eg er paranoid. Og snart litt flau, når det kjem nokon med vesko og seier dei tok feil i fylla.

No comments:
Post a Comment