Passer juleantrekket?
Fordi eg veier fira kilo meir enn det som er ideal, mottar eg nyhetsbrev fra Grete Roede på e-post. I det siste spør dei meg om juleantrekket mitt passer. For hvis det ikkje gjer det, har dei sjølvsagt løysinga. Dei har og løysinga på jula sine etterdønningar i januar, motstandskurs mot påskemarsipan, korleis gjere deigræva bikini-klar, how to be høstslank og få varmen med vintersprek. Før og etter høgtider intensiverer dei og setter visst inn all skyts for å fanga oss opp. Rundt raude dagar då feite damer blir feitare, og noia for familietreff, gjensyn med din eigen og andre sin tenåringsangst, skrekken for å få spørsmål om havarerande sivilstatus og nevroser under juletreet blir pakka godt inn og lindra av ribbesvor, marsipan og smør, då er Grete Roede der, og forteller meg at er neimen ikkje for seint å tyne ut nokon ekstra kilo før det brakar laus og at ROCKERING er årets julegave. Halleluja!
Til jul ønsker eg meg ein dass av delfiafett som eg kan eta opp og spy i samtidig. Best of begge verdenar.

No comments:
Post a Comment