tåketankar om ein heim
I dag er det tunge skyer over Vadsø, og flyene må gå ned i Vardø og passasjerane ta bussen. Så vanskelig er detta været.
Likevel har eg bestemt meg for å bli her oppe i det vanskelige været ei stund til. Prøva endå ei stund til. Har flytta på meg så mange ganger. Ikkje alltid fordi eg har hatt så veldig lyst. Ikkje alltid fordi eg har eit bedre opplegg eit anna sted. Den geografiske løysinga har alltid virka så fint på alt det ein vil vekk frå. Hiv alt over bord og brenn det opp og sitt ei stund i ei anna stova så ordnar det seg.
London leaving party.
Inntil den nye stovo er blitt lita klam som den eg reiste fra, og utsikten er blitt ein makkspist skog, og den store senga som var så god har fått ei sværa dump midt i etter ræva mi.
Men får eg det noe bedre i ein hybel i byen der det heilt sikkert spøker? I eit svært hus med kaldt golv der eg aldri lærar meg å skifta sikringar?
Derfor skal eg vera litt sta. Vanskelige Vadsø it is for all overskuelig framtid.
Lika fullt: Hvis eg skal bli her kan eg ikkje bli her.
Detta er altså ein rubrikkannonse for sjelefred i form av bustad som går under Ønskes leideid (med utsikt til havtåka og mulighet for pelsdyrhold). Sjøl om eg enno har mulighet for gratis annonse i Finnmarken, avstår eg inntil eg klarer å formulera ein tekst som ikkje er fullstendig fruktkompott.

2 comments:
Det kommer til å gå bra. Hør på en veteran. Når nok er nok, vil du vite det. Inntil videre, stay on these roads.
Det skal eg. Stolar på at eg er ganske god til å kjenna om det er noe eg IKKJE vil.
Post a Comment