Det vetle huset
Ein fredag i juli eller kanskje slutten av juni såg vi ein veldig liten annonse for eit veldig lite hus i aviso. Tilfeldigvis satt vi på Finnmarken akkurat då, så då var det ikkje så langt å gå bort til huset, for det ligg bare noen hundre meter unna. Kanskje ikkje meir enn halvanna.
Det går jo an å se ka det er for noe, tenkte vi, og fant fram til rett nummer i gato, som var eit hus av rasen liten raud sjarmør plassert mellom to litt større av rasen toetasjers kvit.
Å se gikk veldig an, for selgaren var heima og vi fekk ein kræsj-tour rundt i det vetle huset. Som har 70 kvadratmeter, er bygd ein gang på slutten av 1800-tallet, og har tre vindauge ut mot havna. Foran huset går hovedvegen ("en fordervet innfartsåre", som noen ein gang presenterte Havnegata som), bak huset ligg ein pitte liten hage og eit lite anneks med platting for ekstremværsdagar (soldagar), samt plass nok for ein hagejockey.
Så vi tenkte oss veldig nøye om nar vi gjekk dei hundreogfemti metrane tilbake til Finnmarken og sa etter særs lite om og men JA.
Fast forward: I neste veka kan vi flytta inn i det vetle huset vårt.
Tenk at eg skal få bu i eit eige hus med utsikt, hage, anneks og ein liten veranda. Og på toppen av det heila, bu der sammen med den nydelig mannen (med katten) som eg likar så veldig godt. Så om noen lurer er det derfor eg er så glad.
(i klartekst: snart fæst i heavengate!)

5 comments:
Yaaay! Du treng med andre ord ein ny hagenisse frå Poundland?
Nix, no skal vi ha ein ordentlig hagejockey!
Men det var jo stas med han Edgar og...lurer på kor han tok vegen:)
hey, vent med festen til eg kjem då....
Eg kan godt vera hagenissen din.
Love Jen
Heia,
vi hadde tenkt å ha festen når du er her- det er jo snart?
Nissetøs!
Det er stas syns jeg! Kjempestas!
Post a Comment