12.8.09

Vi blomstrar



Huset er enno kaos, og eg har ikkje vaska klær på veldig lenge, men eg trur eg kan gi "sambuarskap med eige hus (og katt)" terningkast masse. Sjølv om Øyvind (katten) har lært seg korleis han kan opna soveromsdøra sjøl og komma opp i senga og spør om mat midt på natta, er det ei behagelig tilvære. Eg likar at noen er heima.

Men sjøl om innomhus er litt i limbo, må vi ikkje glømma hagen. Eller, eg glømmer jo hagen, men får heldigvis hjelp av han med bedre husk.

Så no skal vi velga vekster. Tviler på at våre blir lika fine som Vadsø hageselskap sine, som er avbilda her, men ein kan jo alltids prøva.




Dei som vil sjå fleire blomar kan gå på Skogsholmjordet, men fort, for dei heng allereie med nebbet.

3 comments:

Jorunn said...

Nais! Fått hagejockey enno?

Jorunn said...

Denne var spesielt flott: http://i2.iofferphoto.com/img/item/593/993/06/o_jockey.jpg

Ingerid said...

Nei, må nok dra ein ærend til junaiten og skaffa ein. Vi har i stedet fått oss ein grasklippar inntil vidare.

Ja du Jorunn har alltid hatt god smak.