1.9.09

No bryt eg eit løfte om gnæging

Eg lovte meg sjøl at eg aldri skulle gnæga på alt det der som er så fryyyktelig her oppi gokk (heimen min), sånn som været, frukt og grønt-disken, mangelen på hipt og urbant, og flyprisane.

No klagar eg på flyprisane. Eg SYT om flyprisane. Følg med.

For fira dagar siden (fredag trur eg) søkte eg på flybillettar heim i oktober. Å hallelujah dei var billige. 2400 tur-retur, bestill i vei, men nei, ikkje noke kort å bestilla med (forvant på mystisk vis veko før). På mandag var kortet komt og eg skal bestilla den fine billige flyturen min, bare for å oppdaga at den har auka med omtrent 100% sidan fredag. No koster den 4400. Etter mye grynt og hves prøver eg å bestilla eit par gangar, men kver gang får eg opp melding om at maskina ikkje klarer å rekna saman prisane for turen og returen. Til slutt skjer det noe krøll og eg bestiller feil tidspunkt. Så er det å ringa til Widerøe og sutra, ingen sympati å få der men ein beskjed om at joda ho kan sjølvsagt endre til det tidspunktet eg skulle ha, men det blir dyrare.
Dyrare enn 4400?
Ja, no har den auka til 4900. På sju minutt.

Spørsmål: Koffor er det sånn at bussbilletten kostar det samme uansett, mens flybillettar blir heva og senka litt sånn etter torturtradisjonen med kokande olja?

SISTE: Eg var utro med Norwegian, og fekk reisa på til saman 2646 kronor. Nøgd no.

6 comments:

Anonymous said...

Så då kjem du heim då? Jippi!!

-Signe

Ingerid said...

jaudå!

Eg kjem faktisk tidlig- halv fem onsdag ettermiddag. Så eg prøver nok å komma meg til Odda den kvelden. Må se på rutorna.

Jorunn said...

Kva dato???

Ingerid said...

Sympet er 7-11. oktober, eg kjem 7. og dreg mandag morgon den 12. Kjæm dykk?

Anonymous said...

til Odda????

Jenny

Ingerid said...

Ja det er jo litteratursymposium! Guro kjem. Kom du og!