Kom inn, kom inn, min mann er på havet
No er eg i Sivilforsvaret i tre veker så akkurat kor min mann er veit eg ikkje, men eg trur ikkje han er på havet altså, men aleina heima med lille pusen. Eg hadde bare så lyst å skriva den tittelen, som angivelig er Lofoten-humor, mykje nytta på Galleri Galgebakken.
I dag er det 31.oktober og eg har tre ting å melda:
Gratulerer med dagen til besta som blir 85 år i dag! Ho les ikkje bloggen min men eg synst ho skal vera med.
Eg har gjennomført ein kvit måned. Null alkohol siden 1. otober, og egentlig ei veka eller to av september og.
Gresskar-lanterner(?) er skjært ut i anledning Allehelgensaften (er det sånn det skrives???), for aller første gang formitt vedkommande. Vi i leiren som ikkje drikk har no sånt å gjøra...
Mobilen min har klikka litt så ferske bilder av brannslokking, førstehjelp og 30 år gamle uniformar blir det lite av. Men siden eg lengtar heim, viser eg her husets siste innkjøpte kunstverk, laga av Søstrene Huru i Vadsø (kunstverket til høgre, symaskina er bare dekor på galleriet).

4 comments:
ååå, så kjekt å høyra at du tek sivilt ansvar og lærer deg fyrstehjelp, brannslokking og rygging med hengar formoder eg.
Eg kjenner at eg vert stolt av deg.
Helsing frå ein sivilforsvarsdama te ei anna.
ps! Eg har høyrt rykter om, og sett bilete av, nokre sprett nye Gore Tex uniformar....
Tja eg tek jo ikkje sivilt ansvar, det vert trædd venleg men bestemt ned over ørene på meg. Men joa, vi driv med alt det der du nevner, skjønt eg har ikkje lært meg å rygga med hengar. Vi hadde berre tid nok til å konstatera at det kan eg ikkje :D
Men å så kult at du og er i Sivilforsvaret. Jepp vi noraførr får flett nye lekre uniformar når me kjem heim. Men ullundertøy er dei visst fri for...
Eg vart vel og påtrædd denne oppgåva, men meg og Turid koste oss sånn at me sat på fremste benk og var dei klart ivrigaste i klassen. Hehe.
Eg brukte halsklede til å ha på hovudet, dei er ikkje meira sjølvhøgtidlege en at det fekk eg ikkje lov til. Hehe, lærer de oppstilling og slikt og?
Kos deg vidare med kart, kompass enkeltmannspakker og høgde/trykk-rekning til vasspumpene.
Håper du fekk ei ålraight natt tross redselen for spøkelser.
Post a Comment