Då eg nesten møtte Norges Sterkaste Mann
Sivilforsvaret tar på: i dag vakna eg med sår hals og etter kvert stigande feber som sendte meg fra førstehjelpskurset og tilbake til karantene på forlegninga. Her har eg sotte og kopt foran dataen mesteparten av dagen, avløst av å ligga litt i senga, samt to turar bortom matsalen. Matlysta forsvinn ikkje hos meg, uansett kor sjuk eg blir (i så fall kan du trygt erklæra meg død).
Men Norges Sterkaste Mann rekk eg ikkje å bli frisk til. Eg skulle ha ein trenartime på Kaliber gym utanfor Trondheim i dag nemlig. Og instruktøren skulle faktisk vera norges sterkaste mann, Richard Skog. Det visste eg ikkje når eg bestilte, men kom meir som ein slags bonus, muligens fordi timen blei flytta i siste liten fra forrige torsdag. Men altså: buhu. Ikkje noe styrkekjendismøte på meg.
Timen min blir antageligvis i morgon eller på onsdag, då utan denne kjempesterke mannen som instruktør, men med noen andre kjempesterke (dei aller fleste er kjempesterke i forhold til meg...) og eg gler meg til å få terpa inn teknikk på spesielt knebøy og markløft. Her er forresten siste knebøy-pers, 60 kilo. Som kanskje noen ser så har eg godt av å få øvd inn litt bedre teknikk. Egentlig skal eg gå mye lengre ned.

4 comments:
Oi, det var FLINKT! Snart skal jeg bli sterk også, nærmere bestemt i morgen. Det blir nok fint.
Men tenk å gå glipp av norges sterkeste mann, det var ikke bra. Håper du er frisk igjen nå!
Takk!Men no har eg blitt flinkare: Ass to the grass!
Og du har blitt sterk- det er bra! Då synst eg vi skal trekka ein trailer i lag ved neste korsveg.
Haha, ja det hadde vært noe, men jeg tror nok du må trekke hardest enn så lenge! (Men jeg blir sterkere tre ganger i uka, det er jo ikke verst bare det!)
Tja det går ikkje stort kjappare med meg altså!
Korleis trener ein styrke i Bangkok? Kanskje verdt eit blogginnlegg?
Post a Comment