28.7.11

Snørr og tårer

Slik vart ferien i år.

Først snørr. Det begynte på flyet, og utvikla seg heile veka vi var i London. Tårene kom etter kvart då eg innsåg at store delar av ferieturen som kosta så mykje pengar og var så innmari etterlengta, vart begravd i smertestillande og snørrepapir på hotellrommet. Og så fekk vi beskjed om alt det forferdelige som hadde skjedd heime i Norge. Laurdagen skulle vi ha vore på konsert med PJ Harvey og Portishead, men feberen ville det annleis. Same dagen går det ekstreme omfanget av gårsdagens hendingar opp for oss, og på ein måte verka det passande å berre vera i ro den dagen.

No er vi attende i gamlelandet og hos foreldra mine i Odda. Framleis ikkje heilt friske, ellers skulle vi vore på langtur på Hardangervidda. Så vi søv lenge, et vafler med besta og går i eit fakkeltog i Odda.

Mykje vart ikkje slik vi hadde tenkt oss denna ferien. Både på den eine og andre måten.

Men eg vert glad når eg ser korleis denne fryktelige hendinga ser ut til å sveise folk i Norge betre saman. Når eg høyrer om tilstrøyming til politiske parti, håp om rekordstor valdeltaking. At så mange seier ja til menneskeverd og nei til hat.

Og eg gler meg til å komma heim igjen til Vadsø og gå på tur.

2 comments:

Jenny said...

amen

Jorunn said...

...og trøystekudos.