Avslag i slag
No har avslagene begynt å rulla inn her. Avslag på utstillingsplass, midler, deltagelse i prosjekter, opphold i diverse kunstnarresidensar. Sånn der type greier.
Avslag er sjølvsagt noko drit. Akkurat som avvisningar i det verkelege livet. Du får for eksempel sjeldan nokon grunn for kvifor din kunst og du ikkje kan få vegg eller peng. Grunnen kan jo tenkast (i bitre stunder) å vera at eg ikkje har nokre gode venar i Oslo som sit i utvalg, nokon grad frå eit universitet dei har høyrt om, eller hatt utstillingar på stader dei har drukke seg fulle på gratis vernissasje-vin. Eller (i sjølvkritiske stunder) at det er sjølve ideane eller verka som ikkje holdt mål, satt opp mot alle dei andre håpefulle som sendte inn. Dette er vel ganske standard tankegang hos eit følsomt kunstnarsinn, i alle fall mitt.
På ein måte kjennes avslag litt som trashing. Men på ein annan måte ikkje: avslag gjør meg meir gira. Åja, du trur at det fislete avslaget der stoppar MEG??? Gidder eg, så går det, før eller seinare. Gir eg opp, går det aldri.
For eg har innsett ein ting: eg er lei av at det skal vera opp til andre å bestemma om eg skal laga kunst eller ikkje. At eg, og kanskje ganske mange andre i liknande situasjon, lar det vera opp til komitear og utvalg utan ansikt som seier JA eller NEI til våre forslag, truslar, bøner og smiger. Og vi finn oss i det!?
For, altså:
Kor mykje tid har eg brukt på å skriva søknadar i mitt liv?
Kva tjente eg på det?
Kor mykje hadde eg tjent, dersom eg jobba på REMA tilsvarande antal timar?
(og får ein ikkje rabatt på epler dersom ein jobbar der?)

2 comments:
I like your photo's very much, I try but I can't translate to English
Greetings from Australia.
Thanks a lot! I suppose it´s difficult to translate because I write in a dialect. I actually never thought of anyone outside of Norway would read my blog. But you are very welcome!
The post is about difficulties getting funding for art projects. My conclusion is that it is a lot more efficient to have a spare time counter job funding your projects, rather than spend time writing applications. :)
Post a Comment