11.6.12

Sentimental svett

Eg er i Bergen. Eg er på Laksevåg. Då eg budde i Bergen budde eg nesten akkurat her eg sit no. Eg var 23 år, ferdig utdanna, hadde rømt London og var tom for energi. Kjente eg meg gammal.

Eg budde i kollektiv på Laksevåg og husker kor svett eg ofte var. Fordi eg sprang, over brua, inni regnklærne, klam, sint, sliten, med Berkovs Nors-Russiske OG Russisk-Norske ordbok, eit kamera og ei matpakka i sekken. Det ga meg ikkje meir energi. Den eg hadde, brukte eg opp på å vera frustrert fordi eg ikkje fekk til det eg ville, eller å arbeida for fem frivillige studentgrupper og redaksjonar medan eg tenkte at eg burde gjort noko anna. I løpet av halvanna år fekk eg nokre gode venner og ein bachelorgrad til.

No er det fem år sidan eg drog frå Bergen, innom Odda, og til Vadsø. Eg rømte frå alt som gjorde meg svett. I Vadsø vert eg som regel ikkje svett når eg er utandørs.

No i Bergen, svettar eg igjen. Kjenner meg framleis gammal når eg går over brua. Sinnarynka mi er på plass og eg kjenner meg ferdig med tjueåra no. Og det er usannsynlig trist og godt. Eg ser ut på båtane som ligg der. Ein av dei heiter Nordkinn og eg tenker på heime i Finnmark. 


No comments: