22.3.08

Påskebudskapet? Våroffer?


På veg opp Tomaselvdalen i dag fant vi eit lass av fisk og brød dandert i ein liten haug utpå eit tilfrose vatn, rett ved siden av skisporet.
Dette fekk oss til å lura på når det egentlig var Jesus metta fem tusen (var det påskerelatert? Kva slags type fisk var det snakk om?), og kva for ei psykopatisk sekt i Vadsø som hadde slått til i nattens mulm og mørke for å tilsynelatande forsøka gjenskapa detta underet.
Eventuelt kunne det jo henda at det akkurat her hadde skjedd eit slags under, men at ingen var der for å ta imot/bivåna, slik at fisken og brødet (samt tomater, vårlauk og frossenpizza, skulle det visa seg når me såg nøye etter) låg att der til kråko.

"Skuffa" er dekkande for reaksjonen vår når vi blei fortalt at det faktisk var reveåte.

Kaffi på skihytto!
Begge foto: Ingrid Skarstein


Inspirasjonen har komt tilbake, på ein heilt uventa måte.

Ingi med glasskål på håvet, mars 2008

18.3.08

Paris og Britney på rakkadeis i Vadsø


Det er fint å væra fjortiss. Det er fint å gå ut av huset med vulgært mye lebestift, sjampis og eit lass av Cat spray i håret, og våkna neste dag med herpa skjørt, masse bilder på telefonen som verkeleg kan bli brukt mot meg og et vagt minne om vill dansing til Akcent (trur det var French Kiss) på eit av byens hot spots mens ein bælmar Long Island Ice Tea på nokon heilt andre enn meg si rekning.


Men vi tar sjølvsagt ansvar for å kompensera for denna kroppslege forsøplinga. Dagen etter gjekk vi fleire hundra meter på ski. I dagslys. Gift- og avfallsstoffene som perspirerte frå kroppane våras skremte vekk dei fleste andre turgåarar i mils avstand så vi hadde ein rolig og kvenfri tur til et eller anna sted oppå et fjell heromkring.


Neste: Skuterfylla.


15.3.08

Lenge siden



Eldgamle filmar som plutselig dukkar opp på fotobutikken, er høgt oppe på listo over det kjekkaste eg veit.

10.3.08

Tana

7.3.08

I dag våkna eg til ei MMS-melding der det stod 'gaupe skutt i nesseby', og bilete av ei dau gaupa (mot grønn bakgrunn). Eg kjenner meg med detta integrert som Finnmarkens Nesseby-korrespondent, og er veldig nøgd med det.

Mamma i aviso! Det var artig, sjøl om det var arkiv. Hei mamma!

2.3.08

voksenlivet og meg

...har gjort det slutt. Ego lever rett og slett ikkje opp til forventningane og velge derfor å setta ein stoppar for forholdet med ein gang. Etter bilen, flybilletten, lånekassen, LOGG-avdelinga på H&M og husleigo har eg kanskje fem-seks hundralappar igjen fram til neste lønning. Det er lenge til det. Hundringsane er vel allerede øyremerka bensin så her er det beinhardt studentliv i ytterste nød og sult framøve. Velkledd sult, vel og merka, men dog (jaggu bra at det fremdeles finst sjampis, vin og øl i kylen).

Satan, frisøren og.


Og ka lære vi av detta?

22.2.08

Ipswich

Det er ikkje så ofte eg orkar å lesa lange artiklar klokko sju om morgonen, spesielt ikkje når eg sovna klokko to, men denna var uvanleg gjevande (Joan Smith on Ipswich murders).

Eg har fått Canal Digital. Heilt plutselig. Eg har hundrevis på millionar av film og nyheter og dokumentar rett inn i ståvo. Sjølvsagt dedikerar eg jomfuhalvtimen til Tore Ryens livsverk av ein situasjonskomedie.

20.2.08

hundeliv i Bergeby


15.2.08

På trynet inn i helga

Note to self: Skru på korken før du legg vannflasko i vesko.

Siden har det berre gått nedover.
Ganske langt ned faktisk, heilt til berre Tor Ulven kunne muntra meg opp. Tanken på infernalsk mollstemt poesivegg gjorde dei to siste timane på jobb levelige.

Men det store bygget med bøkene stenger visst ein time før på fredagar, så eg har ingen Ulven.


Når eg kom heim leste eg Gobbeli-oppslaget som bestevenn Erlend lagde for kanskje 15 år siden, og blei i bedre humør.

Gobbeli er forøvrig konge i kosedyrlandet, men samtidig superkjendis og stilikon. Litt Monaco.

11.2.08

Murmansk (vettu)




Det var stas!!!