22.3.08

Påskebudskapet? Våroffer?


På veg opp Tomaselvdalen i dag fant vi eit lass av fisk og brød dandert i ein liten haug utpå eit tilfrose vatn, rett ved siden av skisporet.
Dette fekk oss til å lura på når det egentlig var Jesus metta fem tusen (var det påskerelatert? Kva slags type fisk var det snakk om?), og kva for ei psykopatisk sekt i Vadsø som hadde slått til i nattens mulm og mørke for å tilsynelatande forsøka gjenskapa detta underet.
Eventuelt kunne det jo henda at det akkurat her hadde skjedd eit slags under, men at ingen var der for å ta imot/bivåna, slik at fisken og brødet (samt tomater, vårlauk og frossenpizza, skulle det visa seg når me såg nøye etter) låg att der til kråko.

"Skuffa" er dekkande for reaksjonen vår når vi blei fortalt at det faktisk var reveåte.

Kaffi på skihytto!
Begge foto: Ingrid Skarstein


Inspirasjonen har komt tilbake, på ein heilt uventa måte.

Ingi med glasskål på håvet, mars 2008

No comments: