16.6.09

tåketankar om ein heim

I dag er det tunge skyer over Vadsø, og flyene må gå ned i Vardø og passasjerane ta bussen. Så vanskelig er detta været.

Likevel har eg bestemt meg for å bli her oppe i det vanskelige været ei stund til. Prøva endå ei stund til. Har flytta på meg så mange ganger. Ikkje alltid fordi eg har hatt så veldig lyst. Ikkje alltid fordi eg har eit bedre opplegg eit anna sted. Den geografiske løysinga har alltid virka så fint på alt det ein vil vekk frå. Hiv alt over bord og brenn det opp og sitt ei stund i ei anna stova så ordnar det seg.

London leaving party.

Inntil den nye stovo er blitt lita klam som den eg reiste fra, og utsikten er blitt ein makkspist skog, og den store senga som var så god har fått ei sværa dump midt i etter ræva mi.

Men får eg det noe bedre i ein hybel i byen der det heilt sikkert spøker? I eit svært hus med kaldt golv der eg aldri lærar meg å skifta sikringar?

Derfor skal eg vera litt sta. Vanskelige Vadsø it is for all overskuelig framtid.

Lika fullt: Hvis eg skal bli her kan eg ikkje bli her.

Detta er altså ein rubrikkannonse for sjelefred i form av bustad som går under Ønskes leideid (med utsikt til havtåka og mulighet for pelsdyrhold). Sjøl om eg enno har mulighet for gratis annonse i Finnmarken, avstår eg inntil eg klarer å formulera ein tekst som ikkje er fullstendig fruktkompott.

14.6.09

Ferien får ein kald slutt

...alle gode ting må ta slutt, eller i alle fall bli til noe anna, så no har den fine ferien skrumpa frå heile tre herlige veker med sol, fri og late dagar til noen få timar heima på den iskalde hybelen min før eg skal på jobb igjen i måro. Sånn kan det altså gå, det vil si det gikk akkurat sånn som forventa.

Men eg har nytta tida godt. Produkt: fregner. Og mange fine minner.

Steinbiten kosar seg på Akvariet i Bergen.


Ingerid kosar seg på Hardanger hotell i Odda.

10.6.09

reisefølge



i over to veker har eg og Lars vert kvarandre sitt reisefølge. Først til Dublin, så til Seim utanfor Bergen og no i Odda.

Min konklusjon er at eg likar å væra med folk som lar seg avfotografera med kål.

23.5.09

Tatt et valg

Død og pine! No er det nok med at andre forteller meg ka eg skal gjøra. No gjør eg sånn som EG vil.


Derfor velger eg meg noe anna.

21.5.09

Vår på ordentlig


Fine plassen, egentlig.

18.5.09

Tidligere grisebonde ble fødselshjelper i røykepause

Sitt og kikkar på Ordlysten-bloggen og kjenne at eg har veldig lyst å nominera ein feiande flott tittel frå Finnmark til månadens tittel i mai, gjerne på høgde med Tidligere grisebonde ble fødselshjelper i røykepause. Men både FD, Sagat, Nordnytt og Finnmarken var skuffande tomme for artigheiter nett no.

Kanskje noen av dåkke har kandidatar frå nord?

Ellers er ego blitt med i Kulturnett Finnmark sitt kunstnarregister. Derfor er resolusjonen å praktisera meir kunst sånn at eg har livets rett.

Til sist: gårsdagens link fra eit høgtidsstemt Vadsø: Ordføraren set ned potteplanta.

Hurra!

Ser ut som eg held på å mista både forkle og stakk, men ellers gikk det rett og slett heilt greit å bæra flagg. Smilar gjør eg og.


Foto: Anne-Cathrine Larsen

Fleire bilder på Flickr.

10.5.09

Søndag på ein prikk

Konfirmasjon, nyfødde lam og fruktbløming. Dette er Hardanger nett no.

Brun snø, pissregn og mensen i vinkel. Dette er Finnmark nett no.

4.5.09

mai rai rai

Fyll i bunad er nok stas. Og for første gang siden eg var 16 kan eg bruka bunad på nasjonaldagen.

I den anledning tenker eg som så: Det må jo vera lettare å gå på rakkadeis når ein har bunadsstøvlar???

Spesielt når dei er så hotte som dei her.

1.5.09

Er eg så populær som eg trur?

Eg registrerer Gudlabadne på Bloggurat. Då skal eg visstnok se kor innmari mangen som kjem hit og kikkar i tide og utide.
Til og med putta megpå kartet!

Oppdatering: det verkar ikkje. I alle fall ikkje med nokon hastighet å snakka om.