16.7.09

skal du bli her no då?

Skal du bli her nu da, spør dei. Alle sammen spør om eg skal bli, om eg skal bli lenge, om eg trives, om eg bur her eller der.

No kan eg svara, tja, eg har no kjøpt eit hus. Har det fint.

Som åpenbart er rett svar.

Før svarte eg noe sånt som, tja, eg e no her no. Har det fint.

For det duger ikkje. Folk vil ha uforbehalden lovnad om at du skal løpa lina ut i Vadsø, før dei gidd å kasta vekk meira tid på deg. Av ein eller annan grunn er det unaturlig å flytta på seg her.
Men svaret mitt er jo det samme no som før. At eg e jo her no.

Det at eg har kjøpt noko som kostar litt peng og som sitte fast i bakken gir meg åpnebart litt meir pondus bak dei orda.

14.7.09

Vardøvær

Når øya ligg som perle opp på et teppe blått
Og lodda går i stime og torsken biter godt
Og hele byen dufte av slog og fesk og tang
Og sultne måsa kløyve lufta med sin hese sang
Da e det vardøvær, da e det vardøvær
For ingensteds på jorda biter torsken slik som her

Da e det vardøvær, da e det vardøvær
For ingensteds på jorda kan det blåse slik som her


Men ka med tåko??? To meters sikt over domen i dag.



Om tre dagar er eg her.

13.7.09

Tur i tåka


Snart skal vi ut og sykla, men se no på detta herre.


Pent men risky weather. Som tilværelsen ellers, og derfor ingen ting å frykta. Vi er både vanntette og i alle fall eg så fylt med kaka at eg ikkje vert blåst over ende.

8.7.09

Deilige dagen


To siffer på gradestokken og den lysande kulo på himmelen er tilbake med ny kraft etter langtidssjukeleie. Is i kantino. Sommarfuglar i magen. Redaksjonssekretæren syng lågmælt frå Landstads reviderte i ope kontrolandskap.

Dagen blir fin.

2.7.09

Høy kølle


Eller heiter det klubba?


Uansett, den her sporten/idretten/aktiviteten var ganske artig, men innmari vanskelig. Kald og. Ullundertøy i juli er not on.

Neste veka blir det bedre.

30.6.09

Fine utsikter



Kort fortalt: vi får eit vindu mot fjorden.


KA VAR DET EG SØYT FOR?

28.6.09

Herfra blir det sol

Tilråding: plukka blomar og setta dei i vatn

Fråråding: skriva Dn store romanen på eit tastatur der y og e ikkje virkar skikkelig

Ønskelista: Litteratursymposium og ny data

Dimmekalenderen tellar no 30 dagar att i noverande jobb. Etter det skal eg begynna å jobba som dagleg leiar på I galleri. Det blir både trist, rart og fint å flytta på seg. Men mest fint. Og det er jo ikkje så mange metrane (ikkje i luftlinja i alle fall), noe som gjør alt litt enklare.

25.6.09

Satan kor du drekk!


Etter to år har eg tatt tilbake kontrollen over boden min. 424,50 rikare og innmari glad for at boksar har slått ut flasker som materiale for oppbevaring av øl.

23.6.09

Aleina på aften

Heldigvis har eg eit kosedyr. Det hjelper på den lysaste natta i året.

Og no er den forbi.


21.6.09

drekk og le

Eg elsker å væra i godt humør med god mat og gode mennesker og bli meir eller mindre snydens. Alkohol er noko av det beste som nokon sinne er påfunne, ved siden av mat og sex. Det er velværepyramiden sin det.

Rart med det at akkurat no sånn et par timar med lede seinare, så kunne eg godt tenkt meg at eg kanskje ikkje var akkurat fullt så ivrig på sjampisen i går.

...og ka lærer vi av detta?

Foto: Lars O. Haugen