24.9.06

Verdskjent i Odda

Her har vi den småambisiøse forsida på haustens odda-bok.

Huset vårt er med! Eg har teke meg friheita å setje ein smidig sirkel rundt dette.

Forøvrig synst eg biletet var fint, men at det er nok romatisering rundt Odda no. Det byrjar å bli litt harry.... Ein må kunna skriva om andre ting enn Odda sjøl om ein er der ifrå.

Når eg blir 30 skal eg gje ut romanen "Hud brest", som handlar om den frustrerte badevakten på Udda Folkebad, som opplev intense stemmer i hovudet som manar han til å ta magaplask frå 3-meteren under småbarnssymjinga torsdag ettermiddag. På denne måten kjem han tilfeldigvis til å redde ei åleinemor og ungen hennar frå den sikre død (korleis skal eg finne ut seinare). Dette fører sjølvsagt til litt love, lesaren vert vitne til ei klissereise, der den jordnœre 40-åringen går frå å vere ein staut ungkar til å verte ein håplaus tøffelhelt som må køyra kåno si te Amandasenteret i Haugesund så ho kan gå på Vero Moda. Han vil til slutt kjenna seg framandgjort og hybridisert, og må han sendast på attføring til Rauland. Der skriv han sine memoarer som etter hans tragiske død haustar god kritikk og ei enorm mediemerksemd.

Slutt

2 comments:

Anonymous said...

He-hey!
Historia står jo der :-)
Den er god som nokon.
..du har tom. publissert historia di på nett alt. Ikkje verst.

Ingerid said...

Ja sant. Det gjeld berre å utbrodera den slik at eg kan kalla det ei bok.