Osøyri
Då stikk eg til Osøyro for helge, veit ikkje kor komfortabelt det blir der. Er midlertidig sett tilbake til å vere 16 år i Sosialistisk Ungdom på bølle/jente/feminisme/aksjons/års/fylkeskonferanse, der alle søv i ein stor gymsal med ein vask i huset ved sidan av og ikkje eit fnugg av håp om eit minutts stillheit, slik at det går an å sovne. Eg skal på Os filmfestival, og trur det blir ganske mange folk i den gymsalen, og i tillegg er det vel ikkje akkurat alkoholforbud på dette arrangementet. Ei som på verdige Fretheim Hotell, der eg og journalist Ingrid sist helg fekk gallamiddag og dobbeltrom og lunsj og i det heile tatt av snille Dag og Tid. Buhhuuuuuuuu!!!! Studvest er sikkert snille dei og. Men œsj. Gymsal.
Dei bør ha bra filmar og billig øl.
Ellers: var på Tosca i går, det tok av, og det var flott. Litt lite overbevisande at fyrsteelskaren var ein pitteliten tjokkas, og Tosca var ei ganske stor dame. Men men. It's art.
foto: Eirik Brekke, BT

4 comments:
Skal me på opera når du er i Berlin? Eg treng nokon å gå med for å komma meg på sånt.
Skal me på opera når du er i Berlin? Eg treng nokon å gå med for å komma meg på sånt.
Beklagar at det blei to like kommentarar.
Ja ja ja aja.
Wagner wagner wagner wagner!!!
Post a Comment