19.1.07

Dunkley street

Jorunn har fått seg scannar, det betyr at bildematinga her inne kan nå nye høgder, siden eg kan digitalisera ein god del av dei analoge bildene mine. Her er noken frå Dunkley street i Whitmore Reans, Wolverhampton.


Naboen vår, som eg ikkje husker navnet på. Det han held rundt høgrehanda er beltet frå barnebunaden min.


Bakgården vår, med Molineux Football Ground (heimebana til the Gold and Black Army, Wolverhampton Wanderers) i bakgrunnen.


The Animals, som budde litt lenger nere i gato vår. Veldig engelske lads, som likte damer, øl og sport. Eg har ikkje før eller siden møtt noken som kan drikka så mykje som noken av desse. Augensynleg kasta dei ikkje vekk tida på oppvask, reingjering og anna tull.


Fotoboks med blondina.

No comments: