Indre Østland

Fant detta bildet på datoren min, som skriv seg frå gode gamle dagar då eg var ein sommar i Ski og jobba. Det einaste eg gjorde utanom var vel å dra på svenskehandel med kompis Snorre, etterfulgt av ragging (råning) rundt i Indre Enfold, type Askim og Rakkestad (medan eg trødde i meg uante mengder sukker og e-stoff frå den gjennomførte svenskehandelen, som for øvrig gjekk føre seg i Strømstad). Mannen på bildet er fanga utanfor Rakkestad Kommune, Teknisk etat. Spesielt vart eg imponert over dei hyppige pølsebuene, den såkalla 'kœlgrillen', som i ni av ti tilfeller var flankert av eit solstudio, 'kjœrringgrillen'.
Halvanna år seinare tok me same turen, denne gongen til Nordby(??)senteret der ein bulimikar har dødd og komt til himmelen. Eg har aldri sett så mye DIGG!

Nok om det.
Eg kom tilbake i dag, ganske sjuk men ellers glad, og oppdagar at det spøker for mitt liv som middelklasse. Eg har nemlig ikkje eit raudt øre, og får ergo ikkje betalt semesteravgifta, vidare vert det då ikkje noko stipend/lån...
Fint handsama Pennyblader til ein billig penge, anyone?

No comments:
Post a Comment