APTEKA
I desse dagar skal me skriva eit essay om russisk symbolistisk lyrikk, med fokus på Aleksander Blok. Han og vennane hans var ein gjeng med hang til det romantiske, men som etter kvart vart veldig desillusjonerte og til slutt handla all diktinga om demonar og gater med apotek(!). Blok var nok litt verdsfjern, m.a. trudde han i fleire år at forloveden sin var inkarnasjonen av Sofia, det evige feminine, bindeleddet til guddommelig visdom. Han blei veldig sur når han fann ut at ho ikkje var det og var masse utro og skreiv sånne dikt med apotek i. Til slutt døydde han 40 år gammal av syfilis. Av alle dei russarane me har høyrt om til no, er det veldig få som blir gamle, med Tolstoj som unntaket eg kjem på.
Diktene er egentlig veldig fine, eg likar faktisk apotek-diktet veldig godt. Det handlar jo seff ikkje om eit apotek, men om alle moglege sjelelege pinsler og åndeleg desillusjonisme. Det er symboler og metaforar og metonymar og alt det der som eg ikkje er så stø på, men veldig glad i.
Ночь, улица, фонарь, аптека,
Бессмысленный и тусклый свет.
Живи еще хоть четверть века -
Все будет так. Исхода нет.
Умрешь - начнешь опять сначала
И повторится все, как встарь:
Ночь, ледяная рябь канала,
Аптека, улица, фонарь.
Og ei kunstnarisk oversetjing:
Dusk, a street, a light, a drugstore,
A world without sense, and dull.
A quarter-century yet to live for --
So it shall be. Without result.
You'll die -- resume from the beginning,
And, as before, it all repeats:
Dusk, the canal's icy ripples,
The drugstore, light, and city street.
Apotek i Russland er treffande symboler på trøstesløyse. Apoteket utgjer nemlig ei stor del av det russiske bybildet. Men det er kø. Russarane likar jo som kjend å stå i kø, men egentlig har dei slutta med det dei aller fleste stader. Apoteket held stand som møtestad for almenn irritasjon. Ikkje veit eg koffor alle russarane treng så mykje lekarstva (frå lækjarmiddel, no doubt), men det er kjedelig å stå i kø når du er sjuk. Og spesielt når alle foran deg i køen skal dikkedera. Når det blir din tur er det gjerne pererif (pause), dvs at apoteket stengjer i ein halvtime fordi dei som jobbar der skal ha lunsj. Så må du stå på gata og vere sjuk litt til. Heldigvis kan du jo gå til neste apotek nokre hundre meter nede i gata, men det er gjerne kø eller pererif der og. Så dersom det var slik i St Petersburg på tidleg 1900-tal, skjønar eg godt at Blok brukte apoteket som symbolet på vonløysa.

No comments:
Post a Comment