Kongen
I dag skal eg sjå på kongen. Han skal opne festspelutstillinga kl. 13. Eg hadde egentlig litt lyst å pynta meg, men det regnar så inni gamper*va at det mest sannsynleg har lite for seg. Eg er ingen stor royalist, men eg er glad i kjendisar, og kongen er absolutt ein av våre største kjendisar.
Andre kjente folk eg har veldig lyst å sjå, er Putin og Margaret Thatcher. Ikkje fordi eg har noko til overs for politikken deira, men dei har likavel ein stor fascinasjonsverdi. Når me var i St. Petersburg reiste to i klassen vår for å sjå på ein stor bokseturnering, og der dukka Putin opp, saman med Silvio Berlusconi og Jean-Claude van Damme (sic!). Me andre vart litt misunnelige.
Eg tykkjer uansett av store politiske kjendisar er meir interessante enn underhaldningskjendisar, sannsynlegvis fordi dei har ein god grunn til å vere kjendisar. Eg har ikkje så mykje imot tullekjendisar av typen Idol/Farmen/Skal vi Isdanse?-kaliberet, men dei er jo ikkje i nærleiken av å vere interessante. Store underholdningskjendisar er litt bedre, men når ikkje opp til diktatorspire-nivået der Putin befinn seg. Kongen kjem nok heller ikkje opp på det nivået, men han befinn seg i ein annan liga. Han inngjev ikkje til frykt og beven, berre litt god oppførsel.
Putin hadde uansett ikkje passa på festspelutstillinga, men eg må prøva å få han med meg på ein bombastisk militærparade e.l. i Moskva før han går av. :D

No comments:
Post a Comment