13.5.07

Tilbake til kvardagen

Etter seks veker i St Petersburg har eg no kome meg heim til utstillingsopning, Grand Prix og eit hardtslåande feberanfall. Er ganske fornøgd med GP bortsett frå at Верка Сердючка som representerte Ukraina måtte sjå seg slått av Serbia sitt nikjipe bidrag. Me hadde uansett eit veldig engasjert vorschpiel med sjampis og vodka. Feberanfallet har kanskje noko med dette å gjera, uansett var det nok ikkje lurt å vera ute og dansa til klokko halv fira.

Ang Russland kjem eg tilbake til det etter kvert med bilder og anekdotar, kort oppsummert har eg hatt det kjempefint, lœrt masse, ikkje vore uforskuldt sjuk og kome heim att utan varige sår på kropp og sjel.







2 comments:

Mari said...

Bra du er heime igjen, utan varige men. Har du tenkt å vera litt i Oslo i sommar?

Ingerid said...

Har nok ikkje det. Har jobb i Odda eg veit du. Men det er kanskje ikkje ein dårlig ide å brenna vekk pengar på osloweekend?