2.12.07

Markeringar

No er det ikkje så lenge til eit par merkedagar. Neste veka blir eg ordentlig voksen. Bloggen feirar snart 100-innleggsjubileum (men det kan bli lenge til om eg fortsett i samme tempo). Så har vi jul og alt det inneber.
Bursdag har aldri vært det samma etter at eg slutta å kreppa håret. I år skal eg skaffa kaka sjøl, for det er tradisjon på min nye arbeidsplass.

I går var eg på brytestevne, det var ganske kjekt. Bryting er svære saker i Øst-Finnmark, fra fem år og oppover går dei laus på kvarandre i Vardø, Tana, Båtsfjord og Kirkenes. Men det er ikkje så brutalt som det høyrest ut. Kan aldri tru at fotball er noe bedre. Og så har ein på seg ganske artige drakter som ser litt ut som tekkelige badedrakter for kvinner på 50-talet.

2 comments:

Jorunn said...

...så det ein kan slutta av ditt innlegg denne gongen er at eg, som allereie er femogtjue, er moden, vaksen og tilregneleg?

Ingerid said...

Det har du jo vært siden du blei fødd. Og no blir du fanden meg gift og, så ikkje prøv å sei noko anna.

I motsetning til meg, som vil forbli eit pubertalt nek inntil det siste. :D